— 113 —
fraa Ludvig den fjortandes Tid, slike som me sjaa paa Theatret. So gamle men knapt eldre ero desse “Nationaldragter.“ Nei daa er “Vampen“ og “Vidbroki“ i thelemorkske Klædesloft mindst tvo hundrad Aar eldre og kanskje vel so det. Eg skreiv det meste af Texten til “Tønsbergs Nationaldragter,“ men eg kjem meir og meir etter, at det ikki er mykit “Nationalt“ i desse Klædesbunader. Det er i dei seinare Aarhundrad Tid etter Tid komit inn og afskapat, som venteleg er.
Derimot var alt det Flesket til Haakonstad’en “nationalt,“ for i den eldgamle Tid, daa der var liten Handel og tungt at koma til By og Bygd, daa laag det nær at hava Upplag paa kver større Gard til at møta Krig og Uaar med. Og dette, som fraa fyrst af var Meining i med Maate, det vardt litt etter litt til eit Rikdomsmerke og soleides voks fram til Vanvit og Utskjemning af Guds Gaavur. Eg hever nok set tvo og tri Aars gamal Kjøtmat, og at dei eta dette eldste liksom Reven paa Alfstad og spara det unge, til det verdt likso gamalt. Det er Matadrygsel i dette segja dei, og sannt er der, for den største Matadrygsel vilde no vera at eta Graastein. Eg hever altso set “national“ Matadrygsel, men Maken til Haakonstad’ens hever eg aldri set. Alle desse Visthus hingo fulle med Fleskeskid, som her den kløyvde halve Grisen verdt kallat, ei Haandsbreid tykke og gule og grøne i Skuren. Der skulle vera Fleskeskid fraa hans Kones Fødsel og Confirmation — ho er eit Par Aar yngre enn han — og fraa Brudlaupet deira er mange. Det er vel ikring seksti Aar sidan. No viste eg dette fyriaat, og spurde derfor Haakonstad’en medan me foro ikring i desse Likkjellarar: “men seg meg no kor gamalt kann eit slikt Fleskeskid bli?“
Det kjem an paa den rette Salting og Framferd det.
Det veit eg vel, men naar det er stelt med paa beste Maaten, kann det daa koma upp i tretti Aar?
Hm, ja, det var vel so det, svarade han i ein Tone som eg skulde hava spurt, um Mannen kann verda tretti Aar gamal.
8