Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/113

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 111 —


Eg var forviten etter at sjaa og tala med denne Mannen, som eg af dei gamle Storthingsmenn Theis Lundegard og P. Fauchald hans Venir og Likemenn hadde høyrt somykit um. Det var ikki mykit at fara etter han Theis, naar han bannade og svor, og støyrde med Staven sin i Golvet og mælte so haagt, at Dvergmaalet (Ekkoet) svarade i Bergi der kring Garden, naar han sat ute paa ein Stein. (“Ja, ja,“ sagde han ein Dag, “lat meg no sjaa, at du ikki verdt for klok i Christiania, for der skal vera so kloke Menn i Tyskland, at dei ikki trur paa seg sjølve[1] . . . . . Men Haakonstad’en trur berre paa seg sjølv, og for dette var han Venen min Det var tidt ikki meir en sovidt han vilde tru paa meg“ . . . . .

Fauchald, som var af ein annan Natur enn Theis, sagde, at eg ikki vilde faa nokon Glede af at koma til Haakonstad’en.

Eg hadde ogso lesit Domen um Magasinhuset i Vaage, og af Fanchald som Andre høyrt, at Haakonstadien ikki livde etter den gamle Folkevisa:

Sæl er den Rike her i Verdi,
som gjever den Fatike Korn:
han tarv ikki ræddast paa Ødrum[2]-Ferdi
for kvasse Stutehorn.

Eg kom soleides ikki fram med gode Tankar um Mannen.

Daa eg kom der uppaa Jordet, sagde eg til den, som fylgde meg: “Men kjære! eg seer paa Aaker og Eng og alt, at han driver Garden sin paa gamal Vis. Og han, som maa hava set somykit! Han Hans og Thore hava det paa eit annat Lag.“

“Ja, det trur eg vel,“ svarade Mannen. “Haakonstad’en trur at det Gamle er best i alle Maater. Men Garden hans er endaa godt dyrkat.“

Ja vel, eg seer nok det; men det . . . og det . . . og det . . . er underlegt af slik ein Mann.

  1. Det var den “Fichtske Idealismus“ han tok paa denne Maaten.
  2. Ødrum, Dativ = den andre, altso etter dette Liv.