Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/109

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 107 —

dal og Thelemork. Dette er og kjennande paa det, at Gardarne ikki ero so sunderrivne, og paa Husebygnader og mest paa Tungemaalet, som i desse Strok kvert paa si Vis er likso godt og gamalt som her vest i Fjordarne. Hever det mist nokot paa ein Kant, so er det mjukare paa den andre. Men eg hever vankat for litit i Bergenhus til at tala med Kjenskap vidare um desse Ting; kanskje eg alt hever talat formykit; men eg ventar, at den som betre veit, vil tala meir um denne samanliknande (comparative) Kjenskap til Landet vaart.



Paa Jetta.

Eg hever ingen Stad set somange Skidgardar som i Lesja; men desse ero til at binda Snjoen paa Marki um Vetren og taka burt Vinden um Vaaren, so han ikki blæser den sine Leirmoldi af Aakren. Lesjavatnet verdt gravit ut; men det seer ikki ut til at svara Kostnaden. Der fram med Aai, Jora, saag eg tri Jordlag og Steinslag greidare enn paa nokon annan Stad lagde paa kverandre, so her maatte vera gode Slutningar at draga um Jordskapnaden for den Kunnande, liksom dette Stroket fram Dovre er merkjelegt i den Vegen med sine Bergskuringar og Leir- og Sandhaugar. Det kan knapt vera komit ovantil fraa Fjøllet men drivit upp mod Endebotnen, daa Dalen var full af Vatn, for lenger upp er det snaudt og med Storstein, og lenger ned i Dalen er det skylt ut atter, og fleire Merki, som eg ikki kann greida ut her.

Der er mange store gilde Gardar i Dovre, og det gamle Tofte er den største. Det er eit sannt Herresæte og med Hus og Husbunad, som merkjer ut det Slags Landadelsskap. Men der er snaudt for Vedn, og Mannen der sagde, daa eg kom til at tala um desse Skogmenn (Forst-): “ja, faa me ikki meir Skog, verdt her snart ikki buande, endaa eg hever Skog nok for meg, det er ikki for det.“ — (“Ja“, svarade eg, “men skulle de faa Skog, so