— 106 —
kon Skilnad, eller der kann hava vorit daarlegare Embættesmenn, eller kvat det i all Verdi kann vera, som gjerer denne merkjelege Skilnaden i Jordbruk og Husstell og heile Maate at liva paa. Det skulde vera trulegt, at Sjøen nettupp maatte hava snutt dette um, for Havet sjaa me er gjerne den lettaste Vegen til Upplysning og Folkeskikk og all Framgang; derfor stevnde ogso alle gamle Folkeslog dit liksom for at tvaa af seg all Armodsdomen etter dei lange Ferdir gjenom Fastlandet. Daa det traut med Vikingferdirne, seer det rett ut som alle desse Fjordbygdir — kring Throndheimsfjorden og — sovnade burt, magtlause til Odling af Folkeskikk og Framferd, alt til eit nytt Pust kom fraa Byar og Innvandringar. Soleides hava dei som Kvernekallen svivit rund ikring og ikki komit af Flekken desse Aarhundrad, berre der den nyare Drivkraft kom til. Hardanger er, sovidt eg kjenner det, den einaste Fjorden med eit Folk, som kann meta seg med Grannarne austum Fjøllet. Men dette kann koma af Bergensfarten og det at “Hardingen er Allestad at finna,“ som Thelen segjer. Men mange andre Fjordar liggja likso godt til som Hardangerfjorden, og der er ikki store Jordvegirne der heller. Daa skulde Voss standa endaa hægre, men det er langt ifraa. Ikring Throndheimsfjorden skulde det for den Skuld standa hægst, og det gjerer det no og i Innherad paa ein Maate; men der er innflutte Ættir so kjennande, at Uppgjerdi likeins der verdt ugreid for sjølve det gamle Folket.
Dette fær no vera som det vil og kann for meg, som ikki kann gjera meir enn koma med mine eigne Tankar, som eg tidt tvilar paa sjølv. Men tverr er Skilnaden millom Vestfjordarne og Gudbrandsdalen. Og skulde det vera Hovudvegen til Throndheim, som hadde gjort dette, so maatte denne likeins hava gjort Umskapnad i det Throndheimske. Men det slepper du fint for. Gjenom Lesja i det vestlegare Dalføre og Vaage og Lom gjekk heller ikki den gamle Hovudvegen, men der er det likeins. Nei det er ei sjølvstandande og langsam veksande Sedhevd (Cultur), som hever frambildat seg der, og i sama men mindre Mun i Nume-