Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/103

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 101 —

og tala um det. Eg kjenner fleire, som tok det paa denne Maaten og desse dreiv mest paa at Riket skulde selja denne Jord“.

„Ja so tente dei sjølve. At me ikki skulde vita slikt fyrr!“

„Tids nok, hadde eg nær sagt, for Riket maatte hava slike, fyrr det kunde læra, kvat Slags Fridom og Folkelykke dei førde i Skjoldet sit“. Men, Mannen min, Gud ske Lov, dei ero ikki alle slike. Det er faae som han, at dei ero med at skriva Log imot Brennevinsbrenning og so brenna i Løyndom heime“.

„Du vilde kanskje ikki hava Bønder paa Storthinget?“

„Jau, mange, naar dei ero upplyste og gode, so kver i alle Maater kan møta fram som den Beste fraa si Bygd. Men slike som denne Mannen og han . . . og han og han . . . dei lyta berre denne velsignade Fridomen vaar, og fingo dei raada, so laut me snart missa honom. Dei som skulle skriva Log og Rett maa vera Landsens visaste Menn. Ver no med og vel godt til næste Thing!“

„Eg skal gjera det eg kann. Farvel! Eg lyt taka af her eg“.



Raumsdalen.

Eg rodde innigjenom det innste af Raumsdalsfjorden, og daa eg laag i Baaten og glodde uppetter dei haage bratte Fjøllveggir, som tidt synest at luta seg framyvir Fjorden, daa kjende eg liksom Sjøsykje af all den Svimring. Fjorden var svart og still som ei Tjørudam, og naar eg tenkte etter, at det kunde vera likso langt nedetter mot Botnen som uppetter mot Toppen paa desse Fjøllveggirne, so var det nokot underlegt at kjenna seg svivande so millom Himilen og Afgrunnen paa ein liten Baat. Der stod Gjeitar upp i sume Skortur og speglade Skjegget sit