Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni II (1861).djvu/102

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 100 —


„Ja, men Storthingsmannen hever altid sagt, at me aldri maa tru slike“.

„Eg veit det. Men de skulle tru det de sjaa og høyra. Kjenner du Amtmannen?“

„Ja, det er ein snill Mann, og so lærer eg altid nokot godt af honom og skytsar eg, so fær eg stødt meir enn eg skal hava; men af denne Storthingsmannen lærer eg ingenting, og skal han bitala slikt Smaatt som Skyts, so segjer han, at eg skal faa det sidan, og so veit du, Ein kann ikki gnaga og krevja ein slik Mann etter Smaaslikkir“.

„Ja, sjaa der! Dette tykkjer eg maatte opna Augo!“

„Aa, ja, me taka alt til at sjaa betre no“.

„Det vøre vel det, for de maa tru, at dei, som hava legit i Hovudstaden og lært, vilja dikkar Beste. Det kann vera Skrap imillom, men dei fleste Menn som Amtmannen stræva etter at faa Folket upplyst og Landet uppdyrkat og Fiske og alt Stell paa det beste, for med det vinna me Alle og Ingen tapar. Men Folk maa hava lært mykit og set mangt, fyrr dei faa Vit paa slikt. Den uvitande og vonde Mannen svider som Elden ikring seg og trur at alt er vel, naar han kann grava aat seg sjølv, um det so vardt svart ikring honom. Ein slik Stakkare er denne Storthingsmannen. Eg vil ikki upp um honom, fyrr teker eg inn hjaa den armaste Husmannen“.

„Og du kjende honom i Hovudstaden?“

„Ja, det var ikki stort at kjenna skulde eg tru. Eg gjekk til honom og hans Likemenn i Baasen hans af og til, for han livde liksom den klenaste Skræddarsvein; men eg gjekk liksom for at sjaa honom gjenom Aukeglas og Minkeglas, nett som me tidt gjera med dei Skapnader han heime maa hava mest af“.

„Han kaupte Gardar her nord daa han var i Christian, eg meiner det var af Regjeringi, og Haustkaup fekk han“.

„Ja, det var af det gamle Kyrkjegodset, som skulde seljast. Han var med i Storthinget til denne Afgjerd, og so passade han paa med det sama at kaupa eller at tinga