— 8 —
viste, at den Ting vilde hava opnat meg baadi Hus og Hjarta. Men daa eg ingen Kjenning saag, dreiv eg uppetter, og drøymde, at det vist maatte vera i denne Gata ned mot Øyren, at Bergliot sprang og spurde, um der ingen Thrønder fannst med det Mod og Hjartelag, at dei kunde hevna Einar Tambarskjælver og Eindrid, henar Mann og Son, som vaaro nedslegne inn i Kongsgarden. Hevnen var ein god Ting for vaare Forfeder: han gav liksom atter til Livet dei kjære. No vilde ei Throndheimsk Kone setja seg til at graata for slik Mann og Son, men det gjorde ikki Bergliot.
Eg sveiv og dreiv upp og ned Goturne millom slike gamle Minni, alt til Soli tok til at dala. Eg fann dei Daude men ikki dei Livande, som eg kjende. Sidst fann eg eit Lysingsrum (Addressecontor) som daa i Krøningi var opnat; men Rumet var alt stengt til Kvelds. So foor eg med Smaagutar, som eg leigde, fraa ein Vognmann til ein Smed og ein Bakare og so frametter alle Markirne; men Ingen hadde somykit som eit litit Rum, og paa Hottellerne var der alt fullt den Dagen, daa eg ikki hadde Raad til at taka dyre Rum. Men so var eg so heppen, at eg raakade paa ein Vektare eller Polititenera eller kvat det no var for ein Byens Vakemann, ein venleg godlidande ein, som meinte, at naar det stod so paa, kunde eg nok faa Huserum heime hjaa honom. Me foro upp og ned og nord og sud gjenom Storgotur og smaae smale Tvergotur, som her kallast paa godt Norsk Veitur og ikki paa Dansk Gyder, som enno af og til verdt høyrdt i Christiania.
No ja, det er ikki Kongsgarden eg teker inn i, sagde eg med meg sjølv, daa eg krøkte meg fram millom Rennesteinar og Bingar. Men Huset var tri Stokkverk haagt med det Myrkeloftet under Raustet, og baadi Husbond og Husmoder vaaro suille og Smaaborni blaskade som Ændar ute i Rennesteinen. Eg fekk meg ein Mjolkedrykk og dermed merkte eg meg Veita og Huset og gjekk ut paa Bysjaa og Folkebisning til so seint som mogelegt, for eg hadde