Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/99

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 99 —

hundrad Mil for at sjaa all denne Stormannskapen. Det er utrulegt, for alt det væne her er i denne Verdi.“

„Ja likar du ikki betre desse Hattarne enn Rundarne og Snjøhætta,“ lagde eg til.

„Kann du som ein vitug Mann likna ihop desse Hattarne med slik Styggedom?“

„Aa nei, eg vilde berre prøva deg, so du maa ikki tenkja illt um meg for dette.“

„Var det likt seg det!“

„Ja, men det er daa nokot likt i det, for dei sjaa mest likeins ut, berre Rundarne ero nokot større, og til Snjostripurne og Kveldsoli paa Runden svarar Sylvtraad og Gull paa Hatten,“ meinte eg.

„Me hava altfor mykit baadi af Snjo og Kveldsol, men Gull og Sylv er meir sjeldfengde,sagde Malene, „og den, som hever seet Runden og Snjo og Kveldsol so lengi som eg, kann vel vera leid alt slikt.“

„Du hever Rett, Malene,“ sagde eg, „for det var likeins med meg, solengi eg livde paa min Fødestad, som var slik ei Fjøllbygd som di; men det er so rart med det: naar Ein leser og tenkjer og ikki sliter i slike Fjøll men liver paa laaglende, tettbygde og ufriske Stadar ned med Sjøen som i Byarne, daa er det liksom Runden vekkjer større Tankar enn denne Hatten.

Og med desse Engelsmenn, som du totte vaaro so galne med all deira Kjærleike til ville Fjøllet, so maa du vita det, at dei liva so godt, at dei ero liksom Kyri um Hausten, naar ho kjem heimatter fraa dei feite Beiti: ho er matleid og løyper etter Sopp og tygger Smaastein og gamle Sko. For paa slike Folk fraa Slettelandet riva store Fjøll liksom Snus, og daa mange af desse Rikaste ikki vita, kvat Livet kostar, og kvat det er til, so vaaga dei det til Unyttes med at kliva uppigjenom slike Svadberg som der burte.“

„Hu!“ sagde Malene, „men eg høyrer det paa deg, at du maa hava Rett. Det er underlegt med den, som hever lesit og vorit ute bland Folk: han kann segja det, som me Andre hava liksom drøymt um. Det var Synd, at ikki eg

7*