— 98 —
Og daa no eg ogso var komen fram til Vyrdnad ved
Storfolks Hjælp, som gjorde meg den Ære at tala med
meg, so greip ogso eg inn i Husets Stell og hjælpte; og
her kom mit gamle Kjenskap til Tvaatt (Vaskning) og Matlaging
meg til Nyttes. Eg hjælpte Kvendi med at laga
paa Bordet til Kongen og setja Mjolkekollur og Ølflaskur
i Radir og faa til at hanga beint den gilde Ljosekrona og
setja Ljos med Papirluar ikring uppi. Eg var ein sa god
Husgud som mogelegt, og so fekk eg vera med Gjenturne
ut i Kjøken og skrapa Gryta, og vera glad i desse fagre
Fuglarne. Kvifyr ikki segja det, som sannt er, naar det er
so kjærlegt og godt? Men Malene kom ogso tidt etter og
glytte og saag inn gjenom Vindauga og Dyrn. Det var
liksom ho var aabruig (jaloux). Eg var lykkeleg, for eg
trudde meg elskat, endaa Kvendi ero ikki truande i den Vegen,
for eg hever so tidt billat meg inn det sama, og er
sidan komen etter, at det var berre Innbilling. Me tru
so gjerne det, me vilja tru.
So sprang eg ned paa Laavetrevet, der Gutar og Gjentur stodo og ventade paa Kongen og det lysande Fylgjet. Denne sama spræke Skytsguten, som kjende meg, flogsade og dreiv Gjenturne, liksom naar Katten kjem ut i Fuglehopen, so Fjødrirne fjuka og flaksa; dei sprungo rund ikring i Høystaden med sine søte Skrik, for det var snart at høyra paa Mælet, at dei likade godt all denne Flogsing. Malene var og med; men han var so hardhjartat denne Guten, at han liksom gjorde Narr af hena, og so laut daa eg hjælpa atter.
Det tok so at lida mot Kvelden, at Amtets haage Embættesmenn maatte laga seg til at møta Kongen paa Hjerkinn. Daa maa du tru, at Malene glodde, naar ho fekk sjaa desse trikantade Hattarne tekne ut af sine Øskjur og sette paa Hovudet, og daa ho saag desse haage Halsarne stinga upp i dei stive Kragarne med Gullbordur ikring.
„Du tregar vel ikki no Malene, for du gjorde denne lange Vegen, og det beste er enno etter,“ sagde eg.
„Aa nei, aa nei,“ svarade ho, „eg skulde hava reist