Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/95

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 95 —


Det er desse Folk, som faa Æra for seg sjølv, som eg aldri kunde faa i Hovudet mit, naar dei tenkte, at dei vaaro all den Æra værd og soleides somykit betre enn Andre, for det er ei lang Røynsla af meg, at Skilnaden millom Folk af nokot so nær sama Alder, Kunskap og Yrkje er mindre enn Mange tru. Derfor vil eg aldri vita af Stas og Staak for nokon Mann, og naar rett var, so skulde heller ingen rosast stort, fyrr han var daud, for det skjæmmer Mannen berre ut, og duger han nokot, so verdt han ikki modlaus for det. Altso ingen Æreport for andre enn Kongen, og at eg tok Porten for meg, var berre eit Tankespil til min Hugnad.

Det er slike lange Tankeremsur, som kallast Philosophie, og som dei fleste Bokskrivarar og Diktarar pina Lesaren med. Eg vil ogso visa, at eg kann vera ei slik philosophisk Plageaand, og koka, som Holberg segjer, ei Suppe paa ein Pylsepinne.

Med desse Tankar gjekk eg framigjenom Fjølldalen til Kongsvoll, og saag vest i Villfjøllet mot Snjohætta og Aai „Driva,“ som kom fyssande framigjenom den aude Flott og skar seg ned i Berget. Men her tok Fjøllbeitet til at verda godt og Lidarne grøne, so det var som daa eg i gamle Dagar gjætte paa slike Fjøllhægdir vest paa. Her var ikki den Likkista som millom Øysterdalen og Gudbrandsdalen; men her ikring Kongsvoll skulde eg hava livt af Gjeitar, og eg bilte meg inn, at eg kom til ein Gjeitesæter, daa eg fram med dei store Steinarne saag, at det rauk or Pipa; men daa eg kom nærare, saag eg, at det var for gode Hus til dess, endaa der var gamalt og skrukkutte liksom paa Hjerkinn, so at farande og skrivande og diktande Folk hava gyllt altfor mykit desse tvo Gjestgjevargardarne; men til at vera so i ville Fjølldalen, er det meir enn ventande, for naar der er annat enn snaude tronge Hytta, so maa den Vegfarande vera glad.

Ogso paa Kongsvoll var Husets Folk venlegare enn ventande kunde vera paa ein Stad, der so mangein leid og vønen (fordringsfull) Mann maa koma til Gards. Den gamle Mannen med Kona si, som hever seet so mange veg-