— 94 —
Og det er heller ikki so uklokt soleides at tilleggja seg
den Ære, som er tenkt for Andre, for naar Ein berre hever
det for seg sjølv til eigen Hugnad og ikki verdt stolt
og stiv mot Andre for det, so er det ingen til Meins dette.
Slike store Ting som det for Kongen, er dessutom for os
Alle. Det er liksom med Soli og Maanen og Stjørnurne.
Eg kallar desse store Ljos altid mine, og eg er viss paa,
at Himilen ikki teker meg det illt upp, men tvertimot er
glad, fordi eg gleder meg i Gaavurne hans.
Vitste eg derimot, at alt slikt just var gjort for meg, so vilde eg kjenna meg tyngd og ulykkeleg, daa eg altid maatte spyrja meg sjølv: „er du daa værd all denne Stasen?“ Derfor hever eg heller aldri kunnat fengit i Hovudet mit dei Menn, som vilja vera so store, at Folk skal gjera Krus og Kniks og Ljos og Larm for dei. Dersom Folk ein Dag fann paa at gjera meg til nokot Stort, so var den einaste Raad den at gjera Ende paa seg sjølv, for ikki at bera den tyngste Byrd paa seg, eg meinar den at vera mindre, enn Folk tenkte um Ein og soleides svikja so gode Folks Tiltru.
Eg hever aldri kunna fengit i Hovudet mit Folk, som fullt og fast kunde tru med seg sjølv at dei vaaro so store Menn utan at læ aat seg sjølve og det daarlege Folk. Eg talar ikki her um Kongar, for det er paa ein annan Maate med deim. Folket ærer seg sjølv i Grunnen ved at æra Kongen, som berre er ei Framsyning af Folkets eigen Storleike. Nei eg meinar os andre ukongelege Menn, ja ikki eigong Embættesmenn, for dei faa heller ikki Æra for si eigi Skuld, men for Embætets Skuld, altso er det ogso der Folket, som ærer seg sjølv, nei eg meinar slike lause Skræppekarlar som meg, Bokskrivarar, Spilemenn, Komediespilarar og andre Kunstmenn, altso dette heile irritabele Genus (utolege Slag) som Horats sagde, endaa han sjølv var ein Diktare; og likeins lærde Folk og alle, som maa faa Æra for si eigi Skuld; den Rike fær Ære for Skillingen, han, og soleides som dei fyrst nevnde for nokot annat enn seg sjølv.