— 92 —
„Aa nei,“ sagde eg, „det er no ellers, som Ein teker
det til; der kann vel vera slike Menn, som ikki hava det
rett i Hovudet.“
Malene sagde, at ho laut kvila eit godt Bill her uppaa Fjøllriset, der Fjøllet rider yvir Rygg nord til det Throndheimske; og daa eg tok til at verda solten, so maatte eg ganga i Fyrivegen fram til Kongsvoll; for eg er vel glad i Gjenteselskap, men Sulten krever Retten sin han ogso. Det gjekk her med meg som med den danske Diktaren Oelenschlæger, daa han kom paa „Kongen“ paa Krokkleivi og saag Gautstod som ei blaa Bylgja med smale Skumstripur ned etter Sidurne mot Vest og heile den store Mengd med Fjøll i Vest og Nord. Dei, som vaaro med honom, stodo mest liksom andpustne og ventade, at den store Diktaren skulde segja nokre høvelege og fagre Ord. Han stydjar seg paa Staven sin, seer paa Klokka og spyr: „Tru her kunde vera Raad til at faa seg ei Pannekake?“
So er det sagt meg, og dette var endaa etter at han berre hadde kjøyrt fraa Christiania etter ein god Morgonmat og Kake og Vin og slikt nokot paa Vegen, medan eg hadde gjengit mindst tvo Mil med Skræppa paa Ryggen og ikki notit stort. Eg hadde ikki Raad til at kaupa so dyr Middagsmat, som paa Hjerkinn, og eg tenkte, at der kunde vera ein Plass inn med Kongsvoll, som eg kunde ganga innum og faa som vanlegt, naar eg kaupte Mat, eit stødt Maaltid for 6, 8 Skilling.
Eg ventar derfor, at dei hugvarme Gjentur, som lesa dette, vilja halda meg det tilgode, at eg gjekk ifraa hena Malene midt paa Fjøllet, for der var ingen Faare. Det gjorde meg vondt at skiljast so med ei „Dame.“ Men eg stelte meg som vanleg, naar eg vil koma ifraa „Damer“ og ikki synast grov og ufin: eg gav Samtala den Snuning paa snillaste Maaten, so eg vitste, at Malene maatte verda sinnad. Kvert Menniske hever no si saare Side, som me snart merkja i ei lengre Samtale, og denne kann Ein daa liksom visa Fingren imot.
Eg slog soleides paa, at eg og Malene vaaro vel gamle