Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/89

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 89 —

vaar Spott, og det er no heller ikki so ille, som du vil gjera det til, endaa det kann vera ille nok.“

Eg maatte hjælpa Malene atter og visa, at ho talade som den gamle Sibylla, og under all denne Leik og Laatt komo me til Hjerkinn.

Paa denne store Gjestgjevargarden midtfjølls paa Dovre var fullt af Folk og Hestar; burt i Bakkarne og ned paa Fjøllsletti laago Folk med fine raude Huvur ikring Eisur (Eldstadar) og logo og spøkte, og Hestarne beitte derikring. Heim i Tunet var der stappfullt med Reisande og Skytsfolk og Andre langvegsfraa, som vilde sjaa Kongen. Fraa Foldalen vaaro tvo Konur jamgamle med Malene, som hadde reist likso lang Veg, som ho; men daa det var Gardemennskonur, so vaaro dei ridande eller kjøyrande. „Me vilja sjaa Kongen, fyrr me døy. Daa Godfader hans foor her til Krøningi si, vaaro me unge Konur, men no etter firti Aar hava me eldst.“

Det maa vera ei Sæla, tenkte eg, at vera Konge for eit slikt Folk, der dei Gamle paa gamal Vis tru paa Kongen som ein Landsfader, og dei Unge og Upplyste tru paa Log og Rett, som sjølve Kongen maa lyda; og baade desse baadi dei Unge og dei Gamle vilja hava Kongen, men kver af sin Grunn. Dei Gamle tru paa Kongen og dei Unge paa Riksskipnaden, og var eg Konge, so vilde eg heller vera Konge yvir desse Unge, for so vitste eg, at der aldri vardt spurt stort etter meg for annat enn eit Syns Skuld og som ei Ikjøting (Incarnation) af ein Rettstanke, som Folket vil hava, anten denne er so elder so; fyrst daa var eg i den sæle Stand, at eg kunde gjera godt men inkje Vondt, naar mit Raad var, som det burde vera. Derfor er ogso den engelske Dronning so sæl, fordi der aldri verdt spurt etter hena til annat enn til ei Framsyning af Rikets Magt og Vyrdnad, so ho kann liva for sit Hus som ei onnor god Kone og faa seg ein god Laatt, naar Times forteler, korleides ho steller med sine Barneklædi og pakkar inn Barnehosur og slikt nokot, naar ho flyter ut til Sumarslottet sit, og likeins at ho der hever tenkt ut ei Slags Deig til