— 88 —
god Ting er med meg og det er den, at eg altid hever gjort Lykke hjaa eldre Kvendfolk, og daa dei ero klokare enn dei unge Gjenturne, so kann eg godt bera den Ulykka, at eg sjeldan hever merkt paa unge Gjentur, at dei hava likat meg.“
„Ja, det er sannt det,“ sagde Malene, „dette er ogso min Hugnad, at dei gamle Menn hava likat meg betre, enn dei unge Gutarne hava gjort.“
„Hever du aldri vorit trulovad, Malene,“ sagde eg.
„Aa jau eg var det eigong med ein Skrangel; men daa den Kyri, eg aatte, braut af seg Bakfoten, so ho maatte takast,[1] so slog han uppatter med meg, og tok ei eldgomol Ekkje, for ho sat paa ein Plass med eit Par Naut.“
„Ja, ja, Malene,“ sagde eg, „det var inkje Under, at han slog upp med deg, daa Kyri di braut af seg Foten, for det var vel for Kyri si Skuld, at han ogso fridde til deg.“
„Aa ja, det var vel det;“ svarade ho, „men er det so paa dine Kantar, at Folk mest fri for Føda?“
„I den heile Verdi er det slikt,“ svarade eg, at Folk hengja seg upp etter Maten, som det gamle Ord segjer. Livet er so armt og trongt, at Kjærleiken liten Plass finner i det; men verst er det no med dette upp i slike arme Bygdar og so bland Storfolk og Kongar utanlands, for der verdt der aldri spurt, um Guten elskar Gjenta, han skal taka, berre ho er slik af Rikdom og Stand, at ho er høveleg for honom. Det beste med dette er bland upplyste Folk, som hava nettupp so mykit, at dei kunna liva paa ein folkeleg Maate.“
„Gud ske Lov,“ sagde Malene, „so er daa ikki Folk upp i desse Dalarne dei einaste, som hengja seg upp etter Maten.“
„No er du ute atter med denne haadelege (bespottelige) Gud ske Lov,“ sagde den sama Mannen, som fyrr i Vegen hadde refsat hena, „eg tykkjest, at du ikki burde bera ut
- ↑ det gjengelege milde og dylgjande Ord for at slaatrast (slaktast).