— 85 —
rer til Lesja i Gudbrandsdalen. Med all si Fjøllbygd er der reint og vel stelt paa mange Maatar, og soleides i den Vegen stender yvir Grannedalarne sine nordanfor Fjøllryggen i søndre Thrøndelagen, endaa der nord er lægre og rikare Jord. Det er rart med det, at alt det, som høyrer til Øysterdalen elder Gudbrandsdalen stender eit Stig lenger framme enn Grannarne sine Nord og Vest, soleides seer Ein større Skilnad paa Deildi vest millom Lesja og Raumsdalen enn her og imillom Uppdal, endaa der imillom Lesja og Raumsdalen er ingen Fjøllrygg men bygt med Gardar ihop og liggjande ikring Storvegen. Det maa fraa den gamle Tid hava vorit eit nokot litit annat Folkeslag, som ogso Maalet og Skapnaden visar.
Fraa denne Foldalen var altso ho Malene, som var fem og sytti Aar og piltade so lett som ei Rjupe tri Mil fram til Hjerkinn for at sjaa Kongen paa Nordferdi si til Throndheim, endaa mange Skytsfolk til Kongen, som vaaro i Fylgjet med sine lause Hestar, sagde, at ho gjekk for at sjaa seg ut ein Kjæraste paa Hjerkinn og Kongsvoll bland dei Mange, som komo dit fraa lang Leid for at sjaa Kongen. Desse Skytsfolk sagde endaa, at det vist maatte verda Parfolk af meg og Malene, for ho var den, som eg rødde mest med. Me logo og glytte til Sida eg og Malene og gjorde Fjas med dei allesaman, og for at hjælpa paa Malene sagde eg, at ho hadde tie Aar enno at elska paa, ettersom Lord Chesterfield forteler. Han totte, forteler han, at Kvendi elska ovlengi og vilde derfor koma etter, naar det traut af med denne elskelege Dygd. Han vende seg derfor til ei Gjente paa fem og aatteti Aar og sagde: „Høyr mi gode Gjente! no maa du, som vist veit det, segja meg, naar Kvendi slutta med at elska?“
„Nei,“ svarar Gjenta, „daa maa Storleiken hans venda seg til eit eldre Kvende, for eg elskar enno.“
Dei logo Allesaman og Malene sjølv med, som sagde, at det var sannt. Eg fortalde vidare um ein Mann fraa ein af Vestlandets Smaabyar ikki rett mange Aar sidan, som dei vaksne gamle Godborn (Borneborn) maatte mest