Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/84

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 84 —


Stabur utanfor Vindaugat si og dermed skygt burt Utsynet til Vatnet og Lid og Fjøll:

„Det fagraste som til er, det er Staburet, for der er Korn og Mjøl og Kjøt og Flesk,“ sagde han, daa Presten skjemde paa honom for dette.

Det maa eg segja her no reint og beint, at Rundarne, so maalande dei enn ero, og Raumsdalsfjølli og Snjohætta og det eg hever seet af Jøtunsfjølli sosom Hedalsmugen, Lomseggi og Nautgardstind ero kverdagslege og klumpne og tunge mot den lette og yndefulle Gautstod,[1] som siter like fager og synleg fraa alle Sidur med den kvitrandutte Kjolen sin i himilblaat og tvær Foten sin i Rjukan. Der er sama lengtande Hugnad i hena som i dei thelemorkske Folkevisur, og derfor hever ogso Tungemaalet gjort Gautstod til eit Kvendekynsord, medan Runden er Mannkyn. Det er ho Gautstod og han Runden. Og vist er det, at der ved Gautstod er nokot bylgjande mjukt og innsmeikjande attaat det drustelege (majestætiske), som gjerer, at Augat kviler seg voggande paa denne liksom symjande Bylgja mot Himilen.


Malene fraa Foldalen.

Denne Tverdal i Fjøllryggen fraa Øysterdalen til fram ikring Hjerkinn og ned igjenom Fjølldraget mot nørdre Gudbrandsdalen ligger tri Mil nordanfor Rundarne, som herifraa standa som Høystakkar upp i den blaae Luft, innlagde med Snjostripur; og soleides er Foldalen med sit Koparverk ein af dei vænaste Fjølldalar paa denne haage Fjøllslett; men daa det berer nord mot det betre Berglag af Dovre, so er alt der rett god Jord og nordanfor dei beste Febeiti. Liksom Atnedalen er denne Dalen mest bygd for Koparverkets Skuld, endaa eg saag Aakerreinar, som maatte vera mykit eldre. Der er Saahæve, og Husstellet og alt slikt nokot visar Slektskapet med Øysterdalen, endaa det høy-

  1. mest kallat Gaukstod deruppe.