Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/83

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 83 —

Land fagert og store Fjøll og djupe Dalar og Afgrunnar stygge, altso beint imot den noverande Kunstsmak. Liksom Bonden tenker no, tok ogso Kunstsmaken det ikring tvo hundrad Aar sidan. Det er med Kunstsmaken som med Skuren paa Klædom, at Fjøllbonden er ikring hundrad Aar elder mindre tilbake i Tidi, og um hundrad Aar vil truleg han sitja med vaar Kunstsmak og Klædebunad, medan Byarne og dei meir Upplyste i Landet ero komne til ein annan Synsmaate af Tingen, anten det no er fram elder tilbake; frametter synest det ikki vera at finna fagrare ein Afgrunn, ein kvass Fjøllpigg med Snjofenner og aude Afdalar enn ei smilande Engslett. Det er denne ville og sunderslitne Dikting, som enno gjenger atter i Maalarstykki etterat ho er døydd ut paa Papiret. Bonden finner fagert det, som endefram er det; men gagnlegt maa det ogso vera: der maa liksom vera Mat i det attaat, for ellers er det stygt i hans Auge. Og derfor er det greidt, at Runden er stygg, for der vekser knapt eit grønt Straa. Han kann vel vera bisneleg at sjaa paa for ei Gongs Skuld; men som dagleg Granne er han ingen god Mann. Og dersom vaare Kunstkjennarar skulde bu der inn med, so vorde dei snart leide honom og sagde: „Nei for Guds Skuld, gjev meg ein Grasvoll, um han so er aldri so liten.“

Maalarar og andre Folk, som fara etter at sjaa Vænleiken i Landskapet, kunna derfor vera visse paa at finna nokot stort og fagert for seg, naar Folket derikring segja, at det er stygt. Rjukanfossen er soleides fælt stygg, segjer Tindølen, og han kann ikki faa i Hovudet sit, at Folk fara lang Veg for at sjaa honom. Folk i Atnedalen totte ogso, at det var rart af meg, som var so „trivleg,“ at eg kunde hava Hug til at sjaa slik Styggedom som Rundarne. Drivdalen var stygg, sagde ein Mann i Uppdal, og Raumsdalen var no det styggaste, som til var, sagde Mange derifraa. Og som sagt: til styggare Heimefolket finna det, til fagrare vilja Maalarar og slike Folk finna det. Her var ein Mann, som kann vera ein Mønstermann for Vænleikslæra; han het endaa Olaf. Han hadde bygt upp eit

6*