Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/80

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 80 —

det fagraste Folkeferd i heile Landet; og um den betre gudbrandsdalske Gjenta kann verda sagt, som Michelet segjer um den franske Kvinna, at ho er ei fødd Dronning. Nedetter Mjøsbreddirne helst paa Totsida er det sama Folkeferd kjennande atter, endaa dei Fagre der ero meir sjeldfengde. Kvat kunde der ikki verda gjort med dette Folk! Eg skulde upplysa den halve Jord med det, berre det var rikt nok, og eg fekk læra det upp, som eg vilde. — Eg saag Pannur som paa Shakspeare og Kjakar og Heileskaalir som paa Napoleon. Fraa Thelemork skulde eg soleides f. Ex. forsyna den halve Verdi med Diktarar. — Han var stor og sterk og væn og klok den eine af desse gudbrandsdalske Husmenn, som laag og spøkte med meg i Tunet, og eg baud honom det, eg ikki vann eta upp af den kaupte Rjomekoppen, og so ein Cigar etterpaa. Men so rødde me ogso baketter med leikande Laatt og Løgi og skjemtande Spott, slaaande Skaaki og meinande Mærri. So tagnade me imillom og saago burte i Illmannsdalen og Langglupen.

Eg lengtade etter at sjaa Hovudi paa Rundarne. Der er tri liksom paa den græske Helhunden Cerberus, og det er Store-Runden austlengst og Millom-Runden og Diger-Rund. Eg baud Farvel til den snill Kona paa Straumsbu og henar flinke Born, som drogo Louv ned ifraa Buskarne og inn under Staburet, og desse gudbrandsdalske Husmenn. So tok eg Skræppa paa Ryggen og gjekk nordigjenom og saag Rund etter Rund, og tenkte: nei dette kann ikki vera den rette Runden. Med eit reiste han sit blaae Hovud haagt yvir alle andre upp mot Himilen. Der er nokot unevnelegt med det, som er stort; nokot blaatt og himilsk var ikring desse svarte Fjøllveggirne, som eg stirde ende upp til. Det tok liksom og lyfte i meg, daa eg saag Runden straks etter i Kveldsoli med ein Straalering mot den myrke Himilen som eit heilagt Hovud paa eit Maalarstykke.

So gjekk eg innom ein Husmannsplas der tett inn med, og raakade paa ein gamal Reinsdyrskyttare, som hadde lesit meir enn Folk flest af det Slag. Han fortalde, at