Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/77

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 77 —


denne Tid er utruleg mange af slike andarsjuke Folk, som eg skal tala meir um Nordanfjølls.


Rundarne

stodo i Hugen min heile Vegen; eg saag fraa Topp til Topp, og daa eg spurde um ikki det og det skulde vera Runden, so fekk eg gjerne til Svar: „Jau han er rund denna.“

„Ja det trur eg vel,“ svarade eg arg yvir all den Faakunna um Landet, „det er rundt altsaman her.“ Og vist er det, at eg ingenstad so greidt hever seet som her, at Fjølli ero skavne og svarvade runde af Is og Grjot og Vatn, og det er greidt, at den siste Skuringsstraum er komen fraa Nordaust. Dette er synt baadi her og i Raumsdalsfjølli, som ero runde og afskavne paa den Kanten, medan dei mot Vest sjaa ut som ein storknat Sjø, elder rettare som dei Toppar og Tverbaarur som koma fram i ei Vatsbytte, naar du spenner paa den eine Traamm (Bred). Derimot er det ogso mangestadar rundt mot Sud, men dette seer tidt ut som ei eldre Afskaving, og soleides torde det visa seg, at denne Franskmannen hever Rett, som meinar, at Vatnet paa Jordi renner fraa den eine Jordende til den andre kvert titusind Aar. No er den største Vatsmengd ved Sudpolen, der det er kaldaste, og ettersom Isen smeltar der, og det fryser meir og meir ikring Nordpolen, so bryter det eigong laust (ikring seks tusind Aar til) og kjem som ei Sundflod nordigjenom, liksom det sist foor sudetter med Is og Steinraas. — Dette vere no som det vil! men dei fleste Jordkunnige (Geologer) tru af det, dei sjaa, at vaare Fjøll hava stadit under Vatnet og Is og ero svarvade. Sume meina, at Landet her hever seg upp, medan det siger ned paa andre Kantar, og at soleides Jordskorpa gjenger i Bylgjur som Isen paa Vatnet. Andre tru, at Vatsmengdi paa Jordi minkar, til Jordi verdt turr og døyr af Elde lik om henar Skapnadar soleides som me Menniski. Me turka alle burt, og det er det, som heiter at eldast og døy af Alder.