— 72 —
Fødebygd, som er den sama paa Lag, berre dei ikki der gjera det so vel, og so hava ikki Folk Raad til at taka Skinni med Haustulli paa, men klyppa fjorten Dagars Tid fyrr dei slaatra, so der berre hever yddat[1] seg utatter nokot stutt Hy. Ned mot Christiansand og sume andre Stadar vestpaa er Haustulli med, men so er Skinnet so litit utlutat og semskat og reidt, at det er illt at liggja i. Naar Ein um Vetren i kalde Rumet legger seg ned i ei slik Sæng, so er det som at leggja seg i kalde Snjofonni, til det verdt varmt. I Thelemork er derimot eit Tjeld (vovit Ullteppe) næst Kroppen. I Gudbrandsdalen er ogso Skinnfelden god og det er med honom som med mangt annat slikt Husstell, at eg skal segja, kvar det er ifraa, um eg seer det paa Torget i Hovudstaden.
Te meg ein Skinnfeld, og eg trur, eg skal segja, kvat Bygdelag i Landet han er fraa!
Merkjelegt er det ellers, at i Øysterdalen og her paa Upplandet, der Skinnfelden er so reinsleg og velgjord, skal vera Skinnfeldar af Kalveskinn, som der sjeldan elder aldri er i Vestbygdarne. Naar Kalveskinnet og andre slike Skinn sleppa Haar, som dei altid gjera, so er det just inkje hugsamt Plagg, liksom heller ikki slike Haar ero so mjuke og gode som Ull. Naar der no er eit kvitt og eit svart og eit raudt og dropplutte Skinn i ein slik Skinnfeld, so seer han rett nokot villmannsleg ut. Det er denne gamle Klædebunad i Dyrehudir, som vaare fyrste Forfeder brukade; og vist er det, at der maatte vera ringare og gode Sængeklædi at faa for dei selde Skinn. Det er eit Villmannsvæsen dette heile Skinnfeldstell, naar der skal verda sagt, som det er til: for kjem der nokot Unaad i eit slikt Plagg, so er det mest raadlaust at faa Folkeskikk paa det atter, og dette er ogso det verste ved den heile Skinnfeldpoesi og Skinnfeldpolitik, for me eiga ogso ein slik ein, som Alle maa vita, og det ein, som mannsterk er.
- ↑ af Odd.