Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
7


Beint burtanfor Stoppestaden i Eidsvoll der aust under Bakkarne liggja nokre gamle Gravhauger, som Henrik Wergeland fekk i Stand eit Lag paa for Bygdarfolket. Der drukko dei, so dei laago ikring paa den gamle Vigvollen etter alle Kjæmpetalur og alt det Fyllestaak. Eg gjekk der kring og tenkte: “det eine var etter det andre paa sin Villmannsvis; men det var i Stilen af den Tids Nordmannskap, som mest helt sig til det utvordes og til Kytord um “Fjøllets Son“ og “Norafjøll“ og “Bonden.med Kufta blaa som Fjordarne sine.“

Det maatte vel til dette Utanpaahengde ogso, fyrr det Indre kunde koma. Men underlegt var det heller ikki, at Folk, som paa den Tid saago meir etter ein indre og sannare Nordmannskap, førde Strid mot slik Leven.

Eg vilde heller hava gjort eit Lag for deim, som kunde dyrka upp desse gode Jordir i dette væne Land enn for deim, som gjorde alt for at leggja det øyde.

Hjaa gode gamle Storthingsmann Lars Tønsaker saag eg det Sylvstaupet, som Henr. Wergeland gav til Eidsvollgjeld som eit Afminne etter seg til Riksskipnaden, som vardt gjeven der. Det var vel gjort at gjeva slikt til Eidsvoll, men Paaskrifti og Fylgjebrevet, som til æveleg Tid skulde fylgja med Staupet, var liksom, at det skulde vera nokot stort og minneværdugt, at just han gav dette. Eg maatte smila aat den gode Digtarens Faafengd og store Tanke um seg sjølv paa Sottesængi. Og eg maatte hugsa Theis Lundegard, daa han sagde det Aaret, han ikki var paa Storthinget: “Ja nu undrast eg, korleides dei busa og basa og bera sig der inne i Hovedstaden, naar ikki eg er med!“

Ja, ja, me ero alle meir elder, mindre so faafængde, at me tru os umissande. Men til all Lykke er det so at

um store Menn dei falla fraa,
som Gras um Vaar me nye faa.
Den eine Mann er tidt ein Tolk,
men Tanken eig’ det heile Folk.
Er Tanken god, han liver daa,
for det um Mannen døyr ifraa.