— 64 —
rette Sætervollen, men lagde si Hevd paa Steinbakkar og kaldsur Jord. At grava mange og djupe Veitur synest vera det siste, Folk læra baadi heime paa Garden og burte paa Sæteren. Dette hava me og andre Folk maatt lært af Engelskmannen, for vaare gamle beste Veitur vaaro baadi for faae og for grunne.
Huldra.
Tri Mil gjekk eg ein Sundags-Ettermiddag upp igjenom dei bratte Furulidar og vest og nordetter dei lange Fjøllmyrar og Flottir (Flaair Fjøllslettir) kvite af Reinsmose med knapt eit grønt Straa. Dør var so audt og daut, at eg berre høyrde Andardraget mit. Kvelden drog inn paa, og Lufti tok til at tykkna, so Fjøllpiggarne stodo med blaagraae Hættur paa Hovudet, som Soli af og til skein ikring og fargade Fjøll og Flott med sin himilske Eld. Eg sette meg paa ein Stein og skaut Pusten, turkande Sveiten af Panna mi
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og sama Vind den heite Panna svalar;
og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer’ meg tankefull, men endaa fjaag[1]
Med Ungdomsminni er den Tala blandad:
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
naar slike Fjøll eg saag i Lufti blaa.
Eg gløymer Dagsens Strid, som fyrr eg gløymde,
naar eg mot Kveld af Sol eit Glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim mot Notti vil meg lysa.
- ↑ fjaag, glad.