Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/63

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 63 —

som paa Jøtunfjølli til Gudbrandsdalen og Valders og vestigjenom Hardangsfjell nedyvir til Thelemork og Sætersdalen.

Paa dei gode øysterdalske Sætrar var Sæterbudi afdeild i tri Hovudrum, og det var i ei Gang i Midten som Arbeidsrum for Kjerning og slikt nokot og so liksom til Forstova; og so var Mjølkebudi med Radir for Mojlketrog og Kollur og Smør og Ost, alt drivande kvitt og med Jordgolv elder flate Steinar før at halda det kaldt; og so var det Daglegstova med Skorstein og Sængir; der var Golvet skurat reint som i ei Prestestova og strøytt med Bar; og so var der ein Kove til Sængerum for Husbond elder Gjestir med reine Lakan og Stell som eit gjævt Gjesterum heime. Og so var der Stabur for Kjøt og slikt, som kunde gjeva Afsmak af seg. Der var Fjos og slikt nokot, alt liksom paa ein full Gard heime berre alt var mindre. Gryte og. Kjetil og Kopp og Kjerald af alt Slag var skurat og paa sin rette Stad, og Sætertunet var endaa tidt straatt (brulagt) med flate Hellur for ikki at siga ned i den djupa Saur og Søyle, som der altid er utanfor Sæterdyrni, der Buskappen trokkar. Vegir vaaro endaa sumestader gravne inn igjenom Fjøllet, so Ein kunde kjøyra til Sæters med Kjerre, og allestadar var der gravit, so Vegen ikki var slik ei Steinklommer, som vanlegt er til Sæters.

I Vestfjølli var imindsto fem Aar sidan vanlegt berre eit Sel (Sæterbud) paa Stødlen (Sæteren), der Mjolki var og Folk laago og tidt var der ingen Skorstein heller, so Mjolk og Smør vardt fullt af all den Røyken og Lukten, som til var; ikki var der Golv men blaute og saurutte Tufti, so det er ikki betre so at segja, enn at det var eit Grisehus. Litit betre var det paa dei heidemorkske Sætrarne. Det er inkje Under, at der er daarlegt Smør og Afdraatt med det beste Beite.

Høysel elder Høyløda er der no paa alle Sætrar, naar der er Slaattevollar, som det vanlegt er; men ogso denne Høyløda var best paa dei øysterdalske Sætrarne. Derimot hadde dei her likso litit Vit paa som Andre at velja den