— 62 —
taka stort i. Ingen klok Mann krever meir af deg og dine
enn at fylgja godt med og ikki lata seg binda af nokot
Parti, og so koma med det, dei kjenna, naar det høver.“
Alle Landkort hadde denne Mannen og mange af dei nyare
Bøker. Der var Husorgel, som han sjølv kunde spila paa.
At høyra desse Tonar i ei so gomol og velvyrd Bondestova
var skakande; eg sat der som bergtekjen høyrande dette og
sjaaande paa den gamle Skorsteinen, dei gamaldags Bjælkar,
det lange Bord og den gamle Maaling, som etter otte
ti Aar var like rein og frisk. So gingo me inn i eit aat
Rum til Middagsbordet, og hadde det ikki vorit for det, at
Kvendfolki liksom ikki vilda sitja med fyrst, so kunde eg hava
trutt, at eg sat ved Kongsraadens Bord, endaa der var
Spikekjøt og større Ostar og Smørstykki med Rosur i, som
sagde, at Kongsraaden ikki hever det paa den Maaten.
Til Sæters.
Det beste ved det øysterdalske Stell er Sæterstellet, for i dette er her endaa best i det heile Land; det kann hugheilt verda sagt. Det kann vel henda, at sume af dei beste Sætrarne i Vaage i Gudbrandsdalen koma nær det øysterdalske Sæterstell, men dei, som eg saag i Gudbrandsdalen ero langtifraa slike, endaa Gudbrandsdalen ogso i dette Stykke kjem nærast etter Øysterdalen, liksom Gudbrandsdalen af alle norske Dalar i huslegt Stell heime stender hægst næst Øysterdalen. Næst etter Gudbrandsdalen fann eg det best til Sæters sumestadar i Innherad der burt paa Fosenlandet, som eg var eit Stykke inn paa. I Valders og sumestadar i Bergens Stift hever eg ikki vorit til Sæters; men ettersom Folk segja maa der vera sama gamaldagse Stell som i Thelemork og det andre Vestlandsk- og Sunnanfjøllske. Paa sjølve dei heidemorkske Sætrar, som grensade til dei øysterdalske var det som at koma inn i eit annat Land. Derfor er Smør og Ost og all Fedraatt so god i Øysterdalen, endaa Beitet der imindsto sunnanfor Tønset ikki er so godt,