— 61 —
Øysterdøler, som hever det so gjævt baadi med Hus og Husstell, at desse store Menn varde reint slegne af all den Magt og fine Folkeskikk, dei der funno midt i Furuskogen. Der fannst alt, liksom dei skulde hava vorit i sjølve Paris; og daa dei vilde bitala, sagde Mannen, at den Ære at hava slike Folk innum Veggirne sine var den beste Bitaling. Dette var, etter eg foor der, og dersom det er sannt, som det er trulegt for kver den, som hever vorit inne i dette Hus, so hever Mannen ved dette gjort det heile Land ei stor Teneste. Denne Mannen hever det no mest altfor fint og gloande baade med Hus og Husbunad (Møblement), som er ført inn fraa Hamborg og Paris. Det kann vera hugsamt, um det ikki er so gildt; og det er likefullt eit Tap for det, um ein og annan Mann hever Raad til slikt. Derfor likade eg betre sume andre eg saag af dei gode gamle Øysterdøler, som hadde vuksit fram, som det heiter, paa ein historisk Jordbotten med god Upplysning og eit laglegt Husstell og Framgang i Jordbruk og kjærleg Handrekking til det gode, som vil koma fram, alt blandat med gamalt og den finaste Framferd. Eg skal aldri gløyma Ein, og det er vist den beste af dei allesaman. Eg burde navngjeva Mannen for at kunna maala til Gagns den gjævaste Bonden, eg hever raakat paa; men daa slike Folk ikki plaga lika at sjaa Navnet sit paa Prent, maa eg bida til ei betre Tid, og daa taka med det, som eg no ikki vilde røkkja.
Denne Mannen hadde alle Tidender og sjølv den store Storthingstidende, so han hadde Greide paa Landsens Styr og Stell. Han vilde vel ikki hava gjort mykit paa Storthinget; men han vilde hava gjevit det den Vyrdnad for Bondestand, som det maa hava, dersom alt skal ganga vel i Lengdi. Han vilde hava liknat ein af mine Kjenningar, som eg takkade, for han hadde vorit ein so god Storthingsmann. Men han svarade meg: “Ja, men kjære Ven! eg hever ingenting gjort.“ “Nei det var nettupp det, du skulde gjera,“ sagde eg, “for der er ikki meir enn tri fire Menn i Storthinget, som kunna gjera annat enn Ugagn, naar dei