— 60 —
hans Fader honom til Byen for at henta Gjestebodskost. Den Gamle var ein Mann, som ikki vilde vita af Fjas men hava Aalvor i ein slik Leik.
Daa Sigurd hadde vorit i Byen og kaupt Brudlaupskosten og Stas og truleg løyst Kongebrev, for at alt kunde ganga stilt af, spyr han, daa han kjem til Eidsvoll paa Trammen af Stoppestaden der, at Svein, Broder hans, heime hadde drukkit seg i Hel, medan han var til Byen. Anten det no var af Sorg elder, som trulegare er, af Tanken um, at han no var vorden dubbelt so rik, vist var det, at Sigurd tok paa at drikka meir og meir uppigjenom Mjøsen til Hamar, og kom kjøyrande sprengd heim og døydde nokre Dagar etter.
Der stod Kaksen atter barnelaus som eit kyllt (afkvistat) Tre paa fine gamle Dagar. Alt tok ogso meir paa honom, daa han var kvistlaus, og han turkade burt. Daa no dei næraste Skyldfolk, som skulde erva, saago dette, so vilde dei paa gamal Vis jaga Anne utor Huset og skjemde og kallade hena for alt det verste, som til var. Dette var Bønirne, som vorde lesne yvir Sængi paa den døyande Kaksen! Men han innsette Anne til Erving, Halvparten for hena sjølv og Halvparten for det, ho gjekk med. Kaksen døyr, og Anne fekk seg ein frid (skjøn) liten Son.
Daa fekk Fløyta eit annat Ljod: daa var det ikki lenger „Fante-Anne“; og den Kona, som hadde brukat den grøvste Kjæften mot Anne, fekk no lirka og leika og laga det so, at Anne vardt Sonekona henar. Soleides vardt Rikdomen hangande i Ætti til stor Sorg for dei mange andre “Speculanter“ vidt og breidt, som drøymde um denne Gullhøna.
Paa Ferdi fraa Krøningi lagde mange store Herrar Vegen gjenom Øysterdalen til Christiania, og bland desse var det sagt, at Greiv Manderstrøm var, denne Mannen med det kloke Andlit, som maatte gjeva kver og ein af os den Tanken, at han var ein værdug Utanriksminister for os. Paa Vegen toko desse Herrar inn hjaa ein af dei rike