Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
6


“Her vil med alt vaart Stræv vera Villmannskap i Livet, til dess me hava lagt under os all Naturkraft, so me faa hena til at gjera for os det tyngste og grøvste Arbeid, so berre me ganga og sjaa etter som Uppsynsmenn.“

Det gjenger dei fleste Folk som meg, at dei slita burt sin beste Ungdomsmerg med at vera Hestar og det endaa tidt paa Ting, som jamvel Hesten er for god til. “Svarten“ er, som eg kvad, daa Jarnvegen vardt opnad:

— — — — —
“Han Vegen ikki væter
med Sveittens fløymde Aa;
til Lasset han ’ki græter,
som Husbond lesser paa.“

Og so sjaa me all den Uppdyrkning af Moar og Myrar og alle dei hyggelege Hus ikring denne Vegen, som eigong vil slengja seg fram berre millom bylgjande Aakrar og blømande Engir.

“Sjaa her“, sagde Engelskmannen Shaw paa ein af dei fyrste Utferdir, daa eg stod paa Kolvogni med honom, “sjaa her“, sagde han, visande paa raude Moar og blaute Gorrmyrar, “her er liksom tjuge Aar sidan millom Liverpool og Manchester, daa den fyrste Jarnvegen kom dit, og no er snart alt der som ein smilande Hagi.“ —

Og endaa krevja Folk at faa Rente af Pengarne sine til denne Vegen! Kvat Rente fær vel Riket af alle dei Millioner, som det legger ned i dei andre Vegirne? —

Nei Jarnvegen er rik paa Tanke og Framhug fraa kver Side, han verdt sedd. Han er ikki lyft upp fraa Jordi, men gjenger som all sann Diktning gjenom det livande Liv, og straar Blomar rund ikring seg.

Og Eidsvoll vardt liksom ikki Eidsvoll, fyrr denne Vegen kom. Fridomen gagnar litit i Armodsdomen. Og all den Kjøyring maatte attaat Armod skapa Raaskap, for Hestehalen er inkje godt Naabuskap; han smittar, og derfor hever eg altid kjennt, at Hestehandlaren og Kjøyraren liksom hava ein liten Tev (fin Lugt) etter Hestehalen i Tale og Aatferd.