— 55 —
heisande ned mot Midten inn i Greinerne paa det andre
Tre. Det hender ogso, at Reven stryker yvir Geili; men
dette merkjer vondt, sagde ein Skytsgut meg; er det attanfor
Ein, so hender Ulykka der, han kom ifraa, og er det
framanfyri Ein, so hender det vonde der, han kjem fram.
Der sprang ein gild Rev yvir Geili framfyri meg paa
dei milelange og snorbeine Skogmoar millom Aasnes og
Elverum der igjenom Vaaler; men eg spurde inkje annat
enn vel, daa eg kom fram, endaa der kunde vera hendt
ei Ulykke for den Skuld, um ikki eg fekk vita det.
Sigermerki.
Her er so folkelegt igjenom desse Strøk, at der er faae Ting som skjerer i Augo; men so var der ogso ein Ting, som gjorde dette tilgagns alt ifraa Vingerdalen inn mot Sverike og til langt upp i Øysterdalen; og dette var dei blide storlaatne Elgshovud, som paa dei fleste Gardar vaaro slegne inn paa ein synt Vegg, helst paa Stabursvali. Elgsdyret er eit altfor adlegt godlyndt og drengjelegt Dyr til at sjaa sit gjæve Hovud standa so paa Stegl. At skjota den staute Elg paa ein pynteleg Maate den Tid af Aaret der er Lov til, kann so vera, endaa dette ogso er armt og raatt; Folk burde standa paa Venskapsfot med denne uskuldige Skogfyrsten; men fyrst at forfylgja dette drustelege Dyr i djup Snjo som no i Vetr elder med Hundar, og so baketter spikra Hovudet paa Veggen, det er villmannsraatt, og det var so det sand og brann i meg, daa eg saag desse Hovud liksom bedande um Naade for si gamle Kongeætt, som snart vil vera burte fraa vaare Skogar, dersom Folk skulde halda soleides paa. Solungen er i mange Ting ein stor Riddarsmann, og derfor totte han ogso, at det vardt for ille i Vetr med alt det Elgsdraap, og han gjorde ei Herferd inn i Sverike mot Raaskapen og Logbrotet af alt dette Elgsjag. Der skal vera endaa verre i Sverike med slikt.
Naar me lesa i den eldre Log, at Hovudet af Ill-