Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/52

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 52 —


Mina, men tenkte: „Den, som kunde faa seg ein Gut, rik som Mikkel, vilde vera sæl.“

Der stod Mina og var den gamle arme Mina og til Spot og Laatt for si Slekt attaat; ho vardt send burt paa Landet, som ho skulde hava gjort nokot vondt. Af sine Kjenningar der fekk ho imillom høyra det sama som heime. Men der var ho tidleg ute kver Dag og høyrde Orren um Vaaren og lenger fram paa Gauken, og so var ho stundom med paa Jagt. „Det var den gamle græske Gudsjomfru Diane,“ sagde eg til hena. Og so rodde ho paa Glauma og saag dei svarte Skogar ikringom, og so stelte ho med Ændar og Gjæs og var rædd dei store Gassarne. Ho var meg aldrig so fager, som naar ho sprang og skreik og rømde for desse og var rædd for, at dei smaae Andungarne skulde drukna.

Det var liksom Foten ikki vilde bera meg fraa denne Jordflekk, som Mina hadde trodt paa. Men so vardt eg glad og sagde med meg sjølv: „Det er godt, at me imillom raaka paa slike Folk, for ellers vilde Livet liggja framfyri os som ei stor lang Pylse.“

Mikkel er vist alt trulovat atter, daa slike Folk ikki ero lengi um det; og han finner vist mangei Jomfru, som ikki likjest Mina, men finner honom den gildaste Mannen, som til er.


Glauma og derikring.

Alt ifraa Kongsvinger og upp til Aamot i Øysterdalen er Landet seg mykit likt alle Stadar, berre Dalen verdt trengre, og Glauma gjenger ikki so stor og still i sine tankefulle og seg sjølve altid like Slengingar, til lenger Ein kjem nordetter. Det er med Glauma som det er med os fleste at ho ikki kann fara beint fram, men maa slaa Krokar for dei Berg og slikt nokot, som liggja i Vegen og ikki kunna sprengjast. Det er Faae paa Jordi, som kunna naa sit Maal paa den beinaste Vegen; og naar ikki eigong Glauma kann gjera det, so skal ikki Smaabekkirne