Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/51

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 51 —

alle Gjentur, naar det er nokot ved deim, gjort seg upp ein Mønstermann (Ideal) med ein Garibaldihatt paa Hovudet, og Mikkel var som slike Gutar er flest: han kunde spila Billard all Dagen og Kort um Kvelden, og rida imillom, men aldri taka ei Bok i Hand, naar han ikki var nøydd til det. Han sagde som tidt slike Folk: „eg er so rik, at eg ikki trenger til at gjera meir, enn eg vil, men kann liva for Moros Skuld.“ Som slike Folk var han leid og keid imillom, og daa Mina ein Kveld kom hoppande som ein Fugl imot honom og sagde: „Nei Mikkel, no skal du vel høyra ei ny Mazurka, eg hever lært,“ svarade han butt: „Aa reis paa Veggen med Mazurk’aen din.“ Som vengskotne Fuglen seig Mina ned paa Stolen med eit Flaks.

Det leid og det skreid, og Mikkel tok til at verda ein gagnleg Mann; men han vardt som Faderen sin ein Tremann, som ikke hadde Auga for annat enn at samla; at faa nokot godt elder ein Tanke utaf honom, var som at banka paa Klokka i Vatnet.

Mina gret tidt for seg sjølv, og naar Mikkel saag det, so lo han berre aat det og sagde som baadi Moder og Tante, at ho var forskruvat af Romaner; men ho verdt vel klok, naar ho verdt gift og eldre, sagde Moderi; ja det trur eg vel sagde Tante. „Det vonar eg,“ lagde Mikkel surt til.

„Dette helder eg ikki lenger ut,“ sagde Mina ein Dag til si Moder; det fær ganga meg i Guds Navn, som det vil, eg vil so aldri kunna verda ulykkelegare enn med han Mikkel.“ Moderi vilde daana, og Mina sprang etter Vatn; Tante, som tenkte paa tvo tri Rum for seg i Mikkels Gard ut mot Hagen, kvad i med eit kvast „Hu!“ og trudde, at Mina var reint vitlaus.

So vardt der gjort eit stort Ætteraad, som Mina vardt stevnt inn for; dei talade likso viist som Salomon, daa han var staalsliten af all den Livsnjoting. Men Mina stod fast paa sit og skreiv sit Uppslags-Brev til Mikkel og sende alle Gaavur tilbake med Anne, Tenestegjenta, som aldri kunde faa i Hovudet sit, kvat der var komit yvir

4*