Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/50

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 50 —

trudde, at han ikki kunde liva utan Mina. Det var mangein arm Stakkare, som tenkte likeins; men Mikkel — so het denne rike Guten, han turvte ikki brenna inne med Elskhugen sin, for han var so rik, at han kunde gjera det, han vilde. — Moderi og den heile Ætt vaaro, som ventande var, glade for det, at Mina vardt trulovad med denne rike Karlen, og Mina var ogso glad, for um ho ikki likade honom fullt so vel som ein ung spræk Student med lang Dusk i Huva, so sagde baadi Moder og „Tante,“ at Kjærleiken kjem smaatt i Senn og liksom af seg sjølv, naar det unge Parfolk hava nok at liva af, og at eit slikt armt Gjente-Barn, som berre hever Slekt og gode Venir at lita paa, ikki maa vera for kræsent, naar det kan taka slikt eit Tak. Mina gret vel so smaatt med dei blaae Augo og lange svarte Augnehaari sine; men ho trudde paa Moder og „Tante“ og var stolt nok til at verda lyft upp af den Tanken, at ho kunde verda den gildaste Frua paa lang Leid; og daa Mikkel kjøyrde med hena i Vogn ikring til si rike Ætt og sin Faders Eigendomar, so kjende ho seg stolt og elskade sin kjære Mikkel likso varmt som Studenten fyrr og vel so det, for Mikkel var baadi ung og saag ut som Folk flest. „Sjaa um Elskhugen ikki er den Fuglen, som kjem, naar han verdt løkkad paa,“ sagde Moder og Tante. „Jau,“ svarade Mina, og vardt raud i Andlitet, som slike Smaagjentur ikki taka langt etter.

No livde Mina som ein sann Gudsfugl, klædd liksom i Vaarsky og hoppande millom Blomar og lesande i alle nyare Maal dei beste Dikt, som til var, og spilande paa eit nytt Piano af beste Slag med dei dyraste Lærarar.

Daa Mikkel ikki hadde lang Veg, so kom han tidt til Kjærasten sin, og høyrde paa Spilet og gjekk ut med hena til Ovund før dei unge Damer og Herrar, som saago skeivt kver paa sin Kant. Det er det søtaste Sukker paa Lykka, at Folk ero so daarlege mot seg sjølve, at dei bera Ovundskap til den Lykkelege.

Men det visade seg Dag for Dag, at Mina og Mikkel ikki kunde samstavast: Mina hadde i sin stille Tanke som