Mange meina, at aka paa Jarnvegen[1] er leidt og keidt og altid likt seg sjølv; men eg, som er leid af trøyttkjøyrde Øykir og Skranglekjerrur, eg finner det som eit Dikt at fara so fort og sjaa Tre og Steinar og Tuvur og alt, som i Vegen kann koma, at syna seg fram i ein Augneblink og atter renna fraa os som skræmde Fuglar, og so høyra Eimvogni frøsa som ein annan Hest og faa Mat og Drykk af Kol og Vatn. Det er sama Drivkraft som i Hesten og meg og deg berre paa ein liten annan Maate, so det no ikki er værdt at tala um leide og keide Drivverk og slikt nokot, liksom det berre skulde vera Kol og Vatn og Eld og Malm. “Der er ei Livsens Aand i Hjulom“, som Profeten talar um.
Det er Mannatanken, som her paa Skaparvis hever blaasit Liv i Nosi paa Jordklumpen, og gjort Kol og Vatn og Eld og Malm til Tenaren sin; derfor skriker og frøser i Fugleflog denne Tenaren under Svipuslaget af vaar Aand, og me sitja paa vaar Sigervogn stoltare enn dei romerske Sigerherrar, og turva ikki som dei hava ein narreklædd Mann bak paa Vogni, som ropar til Manngarden paa Baade Sidur af Sigerskeidet:
“Kom i Hug, store Mann, at du maa døy!“
Og so rulla me fram mot upplysnings og Jordodlings smilande Land, for det var sannt det, som Franskmannen Condorcet alt aatte ti Aar sidan sagde:
- ↑ Jarn uttalast som Jann elder Jadn, paa dei fleste Stader som Jønn. Liksom Korn, Konn elder Kodn. Born, Bonn, Bodn osv.