Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 46 —


kunde nok gjeva Aalmugen den Tanken, at dette var ein Mann, som kunde meir enn mata seg.

I sit Gardsbruk og Husstell hever han likesolitit tekit etter den nyare Skikken, endaa han ikke var fullt so sermerkt der som i Klædebunaden, for den Ting at driva ein god Gard, so han knapt føder Driftsfolket, det er ikki so einstaka. Der finnst mange Folk som gjenomføra det gamle Ord: “Sulten eter Sulten upp,“ og Lars er ein af dei beste til dette. No er det vel so med Lars, at han tidt leider ei Ku til Torgs for at kunna taka ut ei Ankestevning, og soleides dreger undan Garden og til Retten; men der er med alt dette nokot fornt (antikt) ved hans Gardsdrift. Han leiger dei udyraste Folk, og derfor er der mest Svenske paa Garden hans; daa gjenger det paa med Graut i den eine Neven og Graabeinsild i den andre, som det verdt snubbat og bitit af som af Pylse elder Tobak, og so daa attaat lagt i seg af tunn Velling, so Magen er slik utspanat, at dei knapt kunna rigga og ganga fraa Bordet, og ero, som kver kann vita, tunge og late den halve Øygt; og der stender ein Tev af deim, som der Tal lang Vane til at venjast med.

Lars er so sæl at hava fengit seg ei finne og snil og tolmodig Kone. Det er tidt, at ho maa ut paa Bakken og rota og grava etter Karvekaal og annat slikt Røte, naar Huset er alt for matlaust um Vaaren og ut paa Sumaren. Tidt er det ogso, at Aarhagen af denne gode Garden ikki naar lenger enn nokot fram paa Vetren og ikki endaa so langt den Hausten, han sleppte Buskapen ut i Kornstauren og Jordepleaakren, af di der var gjort Innførsel i Aarsgrøda. Daa han ikki lenger kunde draga Saki ut med Ankestevningar, men maatte sjaa Futen koma og taka Utlegg i Aarvokstren, daa vardt han sinnat og dreiv Buskapen ut paa Aakren. Men, stakkars Lars, det hjelpte honom inkje, for han var god nok, so han maatte bitala si Gjæld med annat og var attaat nær ved at koma i Bøter; og Buskapen var her ikki nokot at søkja Skadegjeld af. Daa