Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/44

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 44 —


den løglegaste Maaten; men der kjem eindaa ein frisk Gufs, som driver Folk utor den gamle Ringen, som dei hava svivit rund ikring i.

Lars kom soleides lenger fram paa sin Maate enn sine Forfeder. Som Framvokstring dreiv han Handel med Tobak og nokot Brennevin og ein og annan Sauden og gamle Byrsur og Felur. Dette Liv førde honom til Byen og vidt um; so raakade han paa ein og annan Mann, som han fekk ein og annan Setning af, og so fann han Skinnbøker fulle af Duft paa Hjelden i dei Gardarne han laag paa sine Ferdir. So lærde han seg til at skriva og sette altid store Bogstavar for nokot som han totte var stort sosom at “handla“ og “kaupa“ og “selja,“ og “stor“ og “eta“ og “drikka,“ og “snyta“ sette han med ein stor utkrotat S., for daa han er eit godt Hovud paa sin Vis, so vil han altid finna ein Grunn for alt, og derfor lagde han seg ogso mest etter Retsbøker og daa af desse mest etter den gamle Logi af Christian den 5te med ei stor greivande Løve paa Titelbladet, som han tidt kunde sitja som i Draumar og sjaa paa. Han trudde paa denne Boki som paa Bibelen og vel so det, for han fann mange Ting i Bibelen, som han ingen Grunn kunde finna i, og derfor var han i betre Lote (Humeur) paa Thingstaden enn i Kyrkja, og for so vidt var der nokot gamalnorsk i honom, so han rett var i sit Es, naar han kunde bruka Logkrokar, for det han vann med Rettens Hjælp var i hans Tankar altid den største Rett, kor urimelegt det enn var for den rettvise Tanken.

Men det, som forundrade honom mest, var, at han tidt tapade Sakir tvertimod det, han las sig til i Logi, for Stykki, som vaaro aflagde hundrad Aar sidan og vel so det, trudde han enddaa stodo ved Lag, og han sette tidt paa seg Brillurne og las og las uppatter og sagde: “Det maa vera mykit til Dom dette; men Hægsterett gjerer honom vel um.“

Ja Lars er ein Rettens Mann, og derfor gjenger han ogso med Lomma so full af Logbøker og Rettsbrev, at det er so tykt som ein Bibel; men svart og blakt er det alt af