Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/42

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 42 —

og anten det no var som vanlegt, at han lengi hadde gjengit og slengt trulovad, elder han baud seg fram som ein Landmann, nok, det var ei fin Jomfru han fekk seg fatt i til Husfrøya paa Landeignedomen sin. Ho stakkar hadde vist ogso Hovudet fullt af Hyttepoesi og all den Fridomen og Sjølvstøda, som det er at vera Landmann. Og det gjekk vist søtt og godt det fyrste Aaret, endaa han alt daa tidt maatte til Byen for at „gjøre Forretninger,“ som det kallast at byta um Vekselbrev og gjeva femten til tjuge Daler i Uppgjeld paa eit hundrad, og selja eit Gjeldsbrev paa sjau hundrad for fem. Per gjorde mange slike „Forretninger,“ og han var paa sine Maanadsdagar so viss i Byen som Sporven i Jolebandet, og daa han reiste denne lange Vegen og livde i Byen som ein slik Landmann, so maatte han ogso gjera „Forretninger“ for alle desse Utgiftir.

Det gjekk og det gjekk eit Bil med Faderens og Verfaderens Hjælp og Andres Aabyrgsla, som trudde paa den rike Ætt; men endeleg seig det ihop altsaman, og han vardt endaa etter tri fire Aars Landmannskap skuldig meir enn han fekk for Garden.

Dette var endaa ikki so ille som af ein annan slik Landmann. Han fekk for heile Garden sin somykit som eit Fjos med Løda paa hadde kostat honom.

Her er dessverre mange slike Landmenn, og det er den største Synd med all denne Galskapen, at dei skræma Grannar og Andre fraa at gjera maatelege Forbetringar paa sine Gardar med Jordbruk og Husstell, for dei sjaa, korleides det her gjekk med han Per, og han Paal med Steinfjoset sit.

Nei, der skal stor Gard og liti Gjæld og endaa sparsam Livemaate til, skal ein Landmann liva vel og hava Magt til at halda ut til Enden med maateleg Framgang i si Uppodling af Garden og Forbetring i Hus og alt Stell. Den gamle Prisen paa Jordi verdt nok den, som helder lengst ut, og den var, at Helvti af Gardens Afdraatt vardt reiknat til Drift og Skattar, og den andre Helvti gjord til Pengar etter ein Medalpris, og somange hundrad, som desse Pengar kunde forrenta til fire af hundrad, det var Garde-