Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/38

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 38 —

i Naade meg senda!
For slik ein Kveld, som imillom eg fann,
eg mykit kann lida.
Den, som kann takka for Hugnaden, han,
fær Magt til at strida.
Ulykka er, at me stødt etter godt
so griduge grava:
Faa me det Beste, det er os ein Spott,
mot det me vild’ hava.“


Dette Slutningsvers sette eg ikki inn i Minneboki. Det henger ihop med dette næstsiste.

— Ikki um me kunde Himilen naa,
me endaa var rike.
lengtande maatte me Helviti faa,
som skapt er for slike.


Dersom denne Gjenta ikki alt hadde vorit trulovet, so er det truleg, at eg var vorden forelskat; men daa eg paa mine eldre Dagar strævar etter at halda det tiende Bud, so skreiv eg Visa utan stor Elskhug; men nokot forelskad maa Mannen altid vera, naar han diktar, helst naar den væne Gjenta siter og seer paa, for det er med Diktaren som med Gauken, at han berre gjeler um Vaaren. Naar han hever funnit Maken sin, so tagnar han, for daa hever han fengit det, han gool etter. Det er likeins med Orren og Haren og mange andre Fuglar og Dyr. Og daa ero dei ogso blinde; ja sjølve den kloke Reven gjøyr daa, so Folk kunne finna honom. At det er likeins med Diktaren vita me Alle, og sjaa det no Dagsdagleg af det, som Lasson skriver um Wergeland. Daa eg las dette, maatte eg tenkja paa den tullande Orren og den smattrande Tiduren; baade sitja blundande, og likso klokt er det, som desse Fuglarne føra i Munnen sin. Men daa eg veit, at Folk lika godt denne Galskapen elder rettare