— 34 —
dei mange Utferdir af denne Drift, som gjerer dette, for
Jordi sjølv er ikki god men sandutte for det meste, og det i
heile Glaumas Vatsdrag alt upp til Reindalen og ned, til
Vorma fraa Mjøsen kjem ned i hena i Nes paa Romerike,
for sidan verdt der betre Jord kring Glauma af dei Kalkberg
kring Mjøsen, som førr i Verdi vorde skavne til Mjøl af
Is, elder kvat det no var, so der er Kalkleire ned igjenom
heile Dalføret. Til nørdre Odalen og eit Stykke upp i
søndre er ogso denne Leira og likeins nokot her og der uppigjenom
Soløyr, og mest paa den vestre Aabred. Daa
Dalen var full af Vatn, maa Leiret hava sigit ned paa
Botnen af denne Gjørma og ikki sidan vera burtskylt elder
yvirfløymt med Sand fraa Randkynningsbergi (Granit-)
austanfor Glauma og paa baadi Sidur upp mot Tønset.
Daa eg ikki er Jordkunnig nok, og heller ikki kunde merkja
meg alt slikt, skal eg ikki tala meir um denne Ting her,
men segja det, som kver kann sjaa, at Jordbotnen ikki er so
god upp igjenom Glaumsdalen som ned igjenom Dalføret
fraa Mjøsen, og at derfor aldri Jordbruket kann verda so
godt upp ikring evre som nedre Glauma, og upp igjenom
til og kring Mjøsen og endaa i sjølve Gudbrandsdalen som
hever fengit sit Mjøl skavit af Leirberg paa Dovre- og Jutulsfjølli,
og af Nedraas og Veder-Eting (Forvittring)
paa sjølve Stadarne.
Her maa eg med det sama tale um nokot, som eg hever gledat mangein Mann paa mi Ferd med; og det er at me eigong vilja faa eit Kort yvir alle Jordmerki og Bergslag i heile Landet, naar det er gjenomført, som den dugande Lector Kjærulf so godt hever byrjat paa med i sit Kort og Upplysning um Landemerket ikring Christiania og uppetter derikring. Riket maa løna fleire Bergkunnige til at sjaa vel etter dette, og Kjærulf, som alt er ein so navngjeten Mann i Jordkunna (Geologi) vil vera ein god Styrare. Fyrst naar me hava slike Kart, liksom n no snart hava alle sokallade geometriske Amtskort, fyrst daa vil Jord-