Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/33

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 33 —


Kring Kongsvinger

er baadi rikt og fagert, og det verdt ein gild Kvilestad paa Jarnvegen til Sverike. Men so maa denne vesle Byen upp i Bakken verda flutt lenger nedaat Glauma. Naar der so kjem Jarnveg uppigjenom Soløyr ogso, verdt der Liv paa den Leid, og fyrst daa vil Skoghandelen der koma i full Gang. Skogen verdt ikki so stor og tykk daa; men so vil eit litit Tre vera likso gjævt som eit større no, liksom me alt no sjaa, „9 Tom.“ er likso gjævt som nokre Aar sidan „12 Tom.“ Eg seer derfor ikki so stor Ulykke i Skogens Minking, som Mange gjera, og paa desse Kantar vil han aldri verda so tunn elder afsnøydd, at der er nokon Faare for Øydelegging, daa der er so laaglendt, at han altid vil gro upp som Brodden paa Aakren. Men derfor skulle Folk likevel læra at hogga med Maate og ikki som stundom no til reint Skadedraap. — Der er livande Handel med Skog alt no paa desse Kantar, ja so livande, at Mange hava forhandlad seg, so der no er liksom ein Stur. Desse siste Aars Pengetid hever vel gjort sit til denne Stans; men Folk paa desse Kantar ero so kvike og modige, at dei lett forlaupa seg, og derfor maa dei liksom sova imillomaat. Dei ero kallade Noregs Franskmenn, og dette er ikki eit so usannt Ord endaa, for den seige norske Bonden er ikki so javnt at finna her. Der er Liv og lett Umtanke, og der er fleire Bønder, som lesa Tidender, her enn kanskje paa nokon annan Stad i Landet, imindsto er dette Tilfellet i Aasnes, som er utruleg langt framme baadi med Husstell og Jorddyrkning og den heile Livemaaten. Paa den sokallade Jadar[1] ikring Vingersjøen inn med Kongsvinger er det likeins, men Jordi er ikki fullt so sandutte der. Der er ellers upplyst og godt paa heile dette Strok; og det maa vera dei reide Pengar, som Skogen gjever, og

  1. uttales Jar — liksom Jaren paa Klædi. Det gamle Jadar, no utskjemt til Jedderen er sama Navnet.