Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 31 —

1.
Den norske og den svenske Mann
tidt møttest her som Staal mot Stein.
Dei gamle slost um Folk og Land
som Bikkjur um eit Stykke Bein.

2.
Den eine vann det eine Aar
og drakk paa det i Mjød og Bjor,[1]
men so fekk han fik Banasaar
af Son til den, han drap ifjor.

3.
Ja, det var Folk, som saadde Hat;
og endaa Gud um Vokster bad!
Dei gaavo Ulv og Ravnen Mat,
og um slik Kjæmpegjerning kvad!

4.
Dei gjæve Menn dei Vaapen bar
og berre foor med det, som beit.
Med Trælar Kvendi heime var,
og der med Gardebruket sleit.

5.
Der sjaa me Livets forne[2] Form,
som daa bar Gull og Ære inn!
Der sjaa me Folk, som saadde Storm,
og høystad’ derfor Kvirvilvind.

6.
Og derfor voks der litit paa
den fagre Jord, som Gud deim gav.
Istadenfor sit Korn at saa,
dei heller Aakrar svidde af.

  1. sterkt Øl.
  2. antike.