— 26 —
raae Augo skulde gleda seg, naar ho var livlaus og ikki sjølv kunde sveipa inn sin fagre Likam.
Det var den skipande kvendelege Hand, som tvo alt blankt og skipade og stelte med Kopp og Kjerald og bøtte og gjorde nye Klædi af gamle, so alt var som rikt og spillrande nytt; derfor vaaro ogso Borni deira reine og sømelege og saago ut til at koma til Manns. Eg kjenner inkje meir rørande enn at sjaa slike arme Ekkjur, og det er for os nokot utrulegt, at slike Folk kunna koma fram med alle sine Smaae. Derfor sagde ogso dei Gamle um slike Tilfelli: „Guds Magt er stor.“
Ei slik Ekkje lagar vist ogso den Komministeren til, som eg her vil tala um. Ho maa alt no løyna seg til at selja ei Tunne Korn, elder kvat det kann vera, af Prestegardens Afdraatt for at kaupa eit og annat Klædeplagg paa seg og Borni sine og ellers til Folkeskikk i Huset. Komministeren er ein so gamaldagsleg Mann, at han gjenger med Husets Lyklar og læser atter for Kona og Borni. Han er, ettersom det heiter i Brudrevigsla Husbond og Herre, og naar daa Kona stakkar er nøydd til at løyna undan og liksom stela fraa seg sjølv til Kaffe og slikt nokot, so verdt der Trætte i Samlivet baketter, naar Mannen gaar aat (wird aufmerksam). Det er truleg inn i Sverike som her, at Kona kann selja eit Lamb og banna paa, at det var Reven som tok det. So kauper ho f. Ex. Kaffe og Sukker og Franskbrennevin for Lambeværdet, og gjerer med dette eit litit Lag for sine Grannekonur, medan Mannen er i Skogen, og fyrr han kjem heim atter, fara Gjestirne kver til seg, og Kona stryker ut alle Merki etter Laget og kastar Ullklutar paa Aaren for at faa ein Lukt, som kann røykja ut Gjestebodssmaken og Kaffelukten. „Kvat Ulykke er det, som luktar,“ segjer Mannen, naar han kjem inn. „Aa det var vesle Olaf, som slengde Hosa si paa Elden,“ segjer Kona, og gjever Barnsungen eit litit lett Slag for at gjera det trulegt.
Komministerens Kone teker det vel ikki just paa denne siste Maaten, daa Livet i ein Prestegard maa laga seg an-