— 22 —
denne Blanding skulde vera af kvert Slag til Javning, so maa kver prøva seg fram sjølv, um han skulde taka til Ettertanke denne mi Retteleiding i Matvitenskapen.
Eg vilde ikki hava vaagat paa at koma med slikt, dersom ikki ein Mann, som var ein stor Matkrok og altso ein Mann af Vigt (Autoritet) i dette Stykke, hadde sagt: „ja den Sildesalaten er værd at taka til Ettertanke.“
Dei Svenske ero reint utmerkte som Vertar og hava for det meste eit stort Framspring fyri os i selskapeleg Snuning. Dei ero liksom eit eldre Folk i denne nyare Tid og hava meir enn me vorit ute i Verdi, liksom ogso det svenske Adelskap maa hava bildat ut ein finare Liveskikk i sine straalande Selskap, og dette hever smittat ned etter paa dei andre Stand. Me ero liksom meir eit Bondefolk, me; men me skulle vel koma etter, so ikki det skal gjera os modlause. Det gjenger godt frametter, og alle Lag i Throndheim, som eg sidan skal tala um, gaavo, sagde kunnige Folk, dei svenske inkje etter.
„Men,“ segja mange af os: „dei Svenske meina ikki stort med all sin Fagnad.“
„Kann vera det sama,“ svarar eg altid: „det er ikki vaar Sak at rannsaka Hjartat, berre me sjaa eit venlegt Andlit og høyra fagre Ord, so er det nok. Det er ei lett Sak at vera grov og raa. Hunden meinar det vist vel og er open, naar han gjøyr, men det er like leidt for det. Og kven kann segja, at dei ikki meina det vel“?
Liksom der er Blomar i Ord og Minur hjaa den svenske Værten, soleides er der ogso um Sumaren meir Blomar paa Bordet ikring Maten enn her; kvert Fat og liten Disk var innkrausat med Blomar og Grønvokster i høveleg Smak etter Matens Farge, og alt stelt etter kverandre med Flaskur og slikt nokot, so Bordet seer so fagert ut, at Mannen kunde verda mett af at sjaa paa det, naar han ikki var meir solten enn under slik Vitjing.
Dei svenske Damer, eg raakade paa, vaaro godlidande og frie paa den Maaten, som eit mentat (dannet) Menniske altid er; sume af deim havde gjengit igjenom „In-