— 18 —
Levemaaten, og sama fagre Sumars-Land. — Dansen var tett inn med gamle uppkastade Vollar, som baaro Merki um desse gamle Strider, og eg drog meg so langt ifraa desse, som eg kunde, liksom eg kann tenkja, at Cain maatte vera rædd den Staden, der han hadde slegit Broder sin i Hel. Eg foor der burt i Furuskogen for at faa meg kaldt Vatn og fann — Carl den Tolvtes Kjella. Der hadde han, den Villstyringen, legit og ført sine Smaagutar mot Noreg, og ikki havt Auga og Hjarta for all den Armodsdomen, han med alt dette førde paa sit trugue Folk. Og endaa elska dei Svenske denne Mannen, som med alle sine Sigrar gjorde til inkjes Sverikes stolte Magt fraa treti Aars Krigen! Um Franskmannens Kjærleike til Napoleon segjer Lamartine: “Og endaa elska me honom, denne store Syndaren og Keisaren.“ Dette kann likeins verda sagt um dei Svenskes Kjærleike til sin Carl den Tolvte.
Her er enno stor Villmannskap i Folks Tankar med all den Heider og Ære for Krigens raae Magt. Det kunde aldri falla meg inn at hava Napoleons Billæte paa Veggen min likesolitit som Billæti af Attilla og Tamerlan. Det er hugillt at maatte minnast, at vaar Ætt var so raa og vill, at ho trengde til slike Folk; og fraa slike Tankar rømer eg liksom fraa Minnet um, at eg sjølv som Smaagut var so vill, at eg vilde skjota alle Smaafuglar og drepa til Unyttes alt mogelegt. Det er den sama Øydeleggelseslyst hjaa Smaaguten som hjaa Folkeslag i Barndommen sin, og denne sama Hugen finna me i all Lyst til Jagt, som gjenger vidare enn til Livsens Upphald og Tyning af skadelege Dyr. Denne Jagt for Gaman er ein raa Leik, og at denne Leik er “Gentlemanns lik“ vil liksom Vyrdnaden for sokallade Heltar vera eit Merke paa vaar Tids Raaskap med all Tala um vaar Tids Upplysing og Mannavyrda (Humanitas). Det vil vera, som naar me finna ein Knok i Jordi af eit uttdøytt Dyreslag. Me segja: “Det maatte vera ei fæl Tid, daa slike Dyr livde.“ Men Folk, som livde saman med Mammuth-Dyret, sagde vel liksom me no: “her er nokso godt.“