Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/124

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 124 —

„Naar Kvendi flaa, er det som ein tannlaus Øyk skulde hava farit der,“ minnest eg tidt Fader min sagde. „Baadi deira Skapnad og Klædebunad er i Vegen før slikt Verk som at beita Branden; alt det som høyrer til Odd og Egg er ikki Kvendesak.“

No skynar eg vel og skulde kunna leggja ut den djupe og sanne Folketanken, som Fader min i desse Ord lærde meg i sit Diktarmaal. Desse Ord, at Kvendeskapnaden ikki er lagd for Odd og Egg, er ei heil Livslære um Kvinnas rette Stilling i Livet, naar desse Ord vorde lagde ut i ei Bok.

Nei det er Mannen med sine kvasse Knokar, sine berre og stride Sinar og seige Segar (Muskler) og — Styggleiken sin, som er skapt for Odd og Egg og tungt Slit. Kvinna er den mjuke rullande Bylgja. Mannen er det faste Land, og ho er Havet, som ogso altid er kallat Livsens Moder.

Men i desse søndre throndheimske Dalar (kanskje ogso i dei nørdre og mangestadar i det Vestanfjøllske, for der fekk eg inkje sjaa det) her i desse throndheimske Dalar saag eg Kvendfolki ganga i Skaaregang med Mannen og slaa; det var den fyrste Staden her i Landet, eg hever seet det so aalgjengjelegt, og naar dette er sagt, so er alt sagt um Bygdartilstandet og det heile Stell og all Sedhævd (Cultur.)

Daa eg der paa ein af dei større Gardarne saag ei framleg Kone (kanskje ei Gjente) ganga med Orvet og slaa og bryna, daa kunde eg ikki eigong segja: „Her er mine Dyr,“ for desse ero af eit mykit betre Slag; men eg maatte segja med Tysken: „dette ligger ned i den sekstande Kjellaren.“ So langt nede er det.

Og merkjelegt! nok Ljaaen beit ikki so klent endaa; men eg kastade Skræppa og tok Orvet og brynte og sagde: „So skal de slaa!“ Og so skjæmde eg paa Mannfolki, som leto Kvendi slaa og gjera slikt Tungarbeid.

„Aa dei maa vel gjera nokot dei ogso,“ svarade Mannfolki med sine raude Huvur og gapande Munnar og daude Auge. Slike Menn maa slike skamslitne Kvendi føda og bera.