— 122 —
mest vil skriva her. Eg møte tri fire Fantefylgi paa denne mi Langferd; det fyrste eg møtte var inn med Kongsvinger; og i alle desse Fylgi, som paa eit Par Stadar berre var Mann og Kone, der saag eg, at Kona sleit og bar paa Born og Annat, og Mannen gjekk som ein Herremann baadi betre klædd og med mindre Byrd paa Rygg og i Fang; det var so Sveiten silade og rann af den arme Kona, og Mannen gjekk liksom ein Uppsynsmann som tidast med ei Byrse i ein Fetil um Oksli. Dette var, som me lesa um alle ville og halvville Folk den Dag i Dag, og i gamle Dagar vita me, at det var likeins hjaa os, der Trælar og Kvendfolk gjorde det tyngste og Gardsarbeidet, medan den frie Mann gjekk i Strid, og i Fred skefte Pilir og Øksar og ellers gjorde nye Vaapen og blenkte upp dei gamle. Derfor var det eit stort Sneidord at segja til ein Mann, at han gjorde Træle- og Kvendeverk, sosom at gjæta og mjolka Gjeitar og ellers at slita med Gardsdrift. Mannen livde liksom meir paa Stas, han, og i den Tids Aand er ogso det skrevit: „Mannen er Kvinnas Hovud,“ og „Kvinna skal vera Mannen lydug,“ og alle desse Ord, som Parfolk faa høyra, naar dei verda vigde.
Fantefolket er soleides eit lærerikt Folk, for eg saag paa dette Kvendetrælet og denne Mannafridomen med sama Auga, som naar eg ser eit Bein af eit utdøytt Dyreslag. Eg drøymde meg tilbake til Jødeland og vaar eigi gamle Tid og var liksom med desse nye ville og halvville Folk i Sud og Aust. Vaare beste Forfeder ærade ellers ofte Husfrøya.
Slikt Kvendeslit er nokot af det fælaste ein Mann kann sjaa. Det er den verste Strid mot Naturen, som finnst. Paa den kvendelege Skapnad er det snart at sjaa, at ho ikki er skapt til Tungarbeid, og henar Kald som Moder visar dette endaa betre. At sjaa ei Kvinna „som lagar til“ etter denne fine og sanne Ordlagnad i Folkemaalet, at sjaa hena slita og slæpa er nokot af det mest uhyggelege som finnst; ja sjølve Dyr ero ikki slike, for dei spara og kjæla for Moderi, naar ho er i det Tilstand. Dette sagde eg til den