— 119 —
um Riksstyreet er det nett det sama. Eg kjenner dette sovel fraa meg sjølv og mi Fødebygd, at Ingen skal læra meg nokot annat i dette Stykket. Det var ein Mann og det ein Gjestgjevare, som aatte ein af dei største Gardar, han skytsade meg fram imot Orkedalsøyren, som endaa ligger i den beste Bygdi; men han hadde ikki meir Greide paa Landsens Styr og Stell enn aldri var og rødde reint som eit Barn. „Her er mine Dyr,“ sagde eg atter med Robin Hood. Men dette var ogso ein snill Mann og hadde nokot Vit paa Jordbruk, so der er Von um Framgang, naar Folk taka Staven i andre Handi.
Fraa denne sokallade Jøtunstova i Rennebu gjekk eg ein Solskinsmorgon nordigjenom denne velsignade Dal, der Orkla (so heiter Aai) og Dogg i Morgonsol, og dei lange Skuggar og dei bratte Lidar og dei fagre Gardar imillumaat kveikte meg upp til at syngja med Fuglen. So stupade eg meg ut fraa ein liten Bergnabbe og svam i Orkla og tenkte paa Loke, som skapte seg um til ein Laks, for eg saag Lakseverp ikringum meg. Det maatte vera i ei slik Aa, at Loke gjorde dette, og daa var der ogso mykit meir Laks, so han ikki var so god at kjenna atter.
So gjekk eg og gjekk eg paa fastande Hjarta berre med ein Kopp Kaffe, alt til eg kom til Gjæstgjevargarden Grut; men daa var eg ogso solten. Denne merkjelege Ting maa eg fortelja, for det, som kjem etter. Eg bad um at faa kaupa Mat; ja, Kona var snill, ho stakkar, og reiv Barnet fraa Barmen og spurde, um eg vilde hava Egg.
„Nei kjære, lat meg faa god Mjolk til denne Dugursgrauten, som ryker her paa Bordet.“
Det var Havregraut af det rette Slaget, det. Saadirne stodo med Piggar nett som Busti paa ein Griserygg, og svart var han som Oskegraut. Eg fekk god Mjolk og aat og aat, og det skurade ned igjenom Halsen, liksom naar Grantoppen verdt slipat og dregjen ned igjenom Ovnspipa. Det var so det skalv i meg af all denne sæle Njoting med kver Biten. Men daa eg bar til at metna, tenkte eg paa at gjeva ut ei Lærebok i Etarvitenskapen (Gastro-