— 117 —
fagre Dalen med Hegg og Hengebjørk og all Vokster, som det skulde vera her ikring Hovudstaden i tronge Smaadalar. „Orkla“ rann med Stillvetne i djupe svarte Krokar inn med Bergoddar, og Skogen bøygde seg og kyste Aai, for det ho skar seg under Hjarterøterne hans. Eg vardt tankefull og kvad:
og kysser denne svarte Aa,
som grever af di Hjarterot
og ned i Fanget vil deg faa,
lik deg eg Mangein munde sjaa
og allrahelst i Livsens Vaar,
at han den Handi kyste paa,
som slog hans verste Hjartesaar.
Paa denne sama Garden Hol, som Drykkjehornet var fraa, er ogso ei stor Hengebjørk, truleg den største Nordanfjølls, medan Sunnanfjølls ero mange slike at sjaa, endaa det skal vera vandt at finna ei Bjørk so luveleg med Toppar og Greinir, at ho seer ut som ein Sopelime standande paa Skaftet.
„Det var ein Fark,“ sagde Eigaren, „som foor her og topphogg hena, daa ho var ung; men so vardt der lagt ei Steinhelle yvir Saaret, og so voks der upp desse fem seks Topparne istaden.“
„Ja soleides gjenger det,“ svarade eg, „Folk tru at gjera Vondt, og der kjem Godt utaf det; derfor skal du ingen Mann hata. Hadde her no ikki vorit ein slik ovundsjuk Arming, so hadde ikki denne Bjørki vorit til ein slik Hugnad for Mange. Eg veit likeins med meg sjølv, at mine største Ovundsmenn hava gjort meg det største Gagnet. Det var Mangein som liksom topphog meg, og der voks fem seks Toppar istaden.“
og ferer fram i Syndeferd;
men Gud er god, og derfor snur
mot honom sjølv det Slag, han slær.
Og derfor heller Ingen er