— 114 —
af Landet, at den gamle Folkemusikk med Slaattir som Myllargutens ikki lenger ero høyrande der; men at det er Kunstmusikk paa ein Maate med Valser, Menuetter, og i den nyare Tid endaa Françaiser og slikt nokot. Men Steinberg var den Mannen, at han meir enn dei Andre kjende baadi til Folkemusikk og Kunstmusikk, og derfor høyrde eg Fader sagde, at han der paa Bondebygdi var navngjeten vidt og breidt og hentat, naar det skulde vera gildt. Soleides sveiv og dreiv han burt sit Liv denne merkjelege Mannen, alt til han vardt sjuk og kjende paa seg, at han skulde døy; daa bad han um Blek og Pen og Papir og reiste seg upp i Sængi og skreiv denne Menuetten; og so seig han tilbake og døydde.“
„Ah!“ sagde eg, „fyrst daa hadde han gjort ifraa seg; fyrst daa hadde han fengit lagt atter si Saal (Sjæl) i desse Tonar, so at ho kunde klinga, um han var burte. Denne Menuetten hadde vist lengi legit og brunnit i Hovudet hans; men han fann ikki den Form, han lengi hadde søkt, fyrr Ljoset skulde slokna; og han fekk liksom ikki døy fyrr.“
„Legg no berre Merke til denne Menuetten,“ sagde Mannen vidare, „so skal du høyra, at han liksom er ei Afprenting af Livet: fyrst er han vill og ustyren, so verdt han sterkare og sikrare som ein annan Mann, og so liksom visnar og døyr han burt.“
„Det er likso rørande som sannt,“ sagde eg, „men den Mannen døyr ikki so snart.“
Grauten paa Grut.
So foor eg daa nordigjenom desse Dalar og saag bratte Aakrar og Hus og Stell nett som i mi Fødebygd; men Jordi var for det meste betre her, og Stellet um mogelegt endaa klenare; men Folket var liksom meir talande, naar dei møttest paa Vegen, for medan dei paa mange Stadar ganga tigjande um kverandre, so hadde desse gode Sudthrøndarar altid eit Ord at segja sosom: „Det ferer uppetter. Det gjeng nedetter.“ Og naar Ein stod still