— 113 —
nokot so nær i Frankrike, endaa Musikken der ikki synest hava dei gamle Røter i Landsens Jordbotn. Eg er ikki den Musikkjennaren, at eg kan visa paa denne Samanheng hjaa dei store Musikdiktararne (Componister), og det vilde heller ikki høva til her. Berre det vil eg segja, at det ligger nær at høyra gamle germaniske Tonar (altso ogso mange af vaare eigne) hjaa Tyskeren Weber og i mangt hjaa Mozart, liksom me ogso i vaar egen Musik finna mykit atter paa denne forklaarade Maaten i Fjølleventyret af Thrane, i sume af Kjærulfs Stykki, og sume Andre.
Med denne Menuetten til Steinberg er det likeins: han klingar med fyrste Ljod, som han likt alt fullkomet skulde vera heime paa den heile Jord; men ved nærare at leggja Merke til honom, koma mange af vaare eigne Tonar piplande fram liksom Uppkomur i Sandbakken, og ved Gjenomgangar og Uppløysing af Skrikljod (Dissonansserne) er vaare gamle Feleslaattir kjennande.
Daa Ole Bull høyrde honom, trudde han med det sama, at han maatte vera af Bethoven, sagde Mannen meg. So rein og forn (classisk) var Stilen.
Denne Menuetten fekk eg fyrst høyra her nord i denne Dal, og det i eit Hus som var likt Menuetten. Der hingo dei beste Maalarstykki kring Veggirne; Husbunaden var den beste, og Tavlur og Bøker i dei fleste livande Maal laago paa desse Bord med Kniplingsdukar. Borni lovade det beste i Livet, og Mannen var ein af dei dugelegaste i Landet og det endaa til mange Slags Ting i Kunst og Vitenskap; Kona var likso gild paa sin Vis, men hena var eg ikki so sæl at sjaa, daa ho var burte. Der sat eg i dette Drivhus for gode Tankar og saag burt paa Fjølli og høyrde denne Menuetten.
„No skal du høyra denne Menunettens Historie,“ sagde Mannen.
„Steinberg var fraa Upplandet inn med Mjøsen einstad, og det er ikki lenger sidan han livde, enn at Fader min kann minnast, at han vardt hentat lang Veg for at spila i Dansar (Baller). No veit du det er so paa den Kanten
8