Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/112

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 112 —


Upplysning og folkeleg Livemaate, istadanfor at eg no mest allestadar maatte utropa med Engelskmannen Arthur Young, daa han sytti Aar sidan foor igjenom Frankrike: „Himilen gjeve meg Tolmod til at sjaa paa eit Land, som Herren hever gjort so mykit og Folket so litit for!“ Det er langt ifraa ikki det rike Land, som Frankrike dette; men mykit kann endaa verda gjort.


Menuetten til Steinberg.

Me vita Alle, at vaart Land er rikt paa Lundar (Melodier) til Visur og Feleslaatir, og at alt dette kan verda Grunntonen i store Musikdikt liksom vaart Folkemaal maa verda Grunnmaalet i bokleg Dikting: men liksom Tungemaalet maa klaarast og møykjast upp og verda fyllt med store Tankar, so det liksom skjælver i si Fylle, fyrr det kann verda ei sann Dikting, soleides maa vaare norske Tonar og Slaattir berre vera eit To (Grunnstof) for vaare lærde og andfulle Musikdiktarar, fyrr ein rett norsk Musik kann koma fram, ein Musik, som ikki er ville Naturtonar, ei Huldre med Halen, men ein Musik, som svarar til vaar Upplysnings og Tids Krav. Dette musikalske Grunnto vil kjennast atter, men det vil Ingen kunna visa, kvar det ligger i Musikstykket, men vera innvovit som eit fint Flor i det, som ei blaa Luft skjælvande yvir det, nett som med den sanne Dikting, der ikki Bondeguten og Sætergjenta ero lagde inn som raae Stykki, men deira Aand liksom pustar, og deira Hjarta liksom bankar i det heile Dikt. At sume Ting etter Livet liksom beint maa prentast af baadi i Dikt og Musik, kann tidt vera det eine Rette; og enno meir maa dette vera Tilfellet med Folkemusikken, der somangt eit Samljod er makalaust; men ogso her maa det vera so, at det Uppgjorde berre maa vera Grunnto, medan dei gamle Lundar og Slaattir standa urørde til Hugnad og Mønster og eit To, som er til at taka af for ei endelaus Framtid.

Paa denne Maaten er Musikken gjenom sine store Meistarar vaksen so rik upp i Tyskland, Schweits, Italia og