Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/110

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 110 —

men ogso glade som eg maa dei vera, for Andre kunna trilla lettare fram. Daa eg saag den kongelege Vogn, tenkte eg meg at vera Carl Johan, som under Bakken maatte setja atter si. Han smilte ned til Godson sin og sagde „Du styrer eit betre og meir upplyst og framkomit Land enn eg.“ Eg saag derfor paa Kongen som Godfaderen paa Godson sin, daa eg kom ned til Drivstova, for eg hadde vorit upp i Bergi med dei gamle Aandirne, og den, som hever vorit i Selskap med deim, elskar altid det friske Liv, som jagar med Vinden i Morgondogg og Morgonsol gjenom Verdi liksom Kongen idag. Eg helsade lett paa honom og gjekk inn til Slaattefolket, som sat med Dugursgrauten sin langs med eit svart Bord, medan Kongen gjekk inn i den andre Gang paa utbreidt Klæde. Eg lagde meg til at kvila paa den harde Krakken med Skræppa under Hovudet, medan Kongen saag paa all den uppstelte Mat og dei sundagsklædde Folk og kveikte Cigaren sin og steig i Vogni atter.

Kona, ei stor feit og tykk ei med ein Sylvpening paa Bringa for „Husflid,“ som ei onnor Kone skulde hava spunnit for; ho spurde meg, daa Kongen var reist: „er du ein Skræddarsvein?“ „Nei, eg er Skomakarsvein,“ svarade eg, for eg minntest, at eg gjekk eit Bil i Skomakarlære, daa eg var Skulemeistare heime.

Daa eg kom lenger ned i Dalen raakar eg paa ein Uppdøl, just ein skjæmtande ein af godt norsk Slag. Me vaaro som gamle Kjenningar med fyrste Ordet.

„Det er ein fager Dal,“ sagde eg.

„Hu, nei her er fælt stygt,“ svarade han.

„Korleides vil du daa hava det?“

„Slett og fagert som ned i Skaane og Danmark, der Ein kann sjaa heile sjau Kyrkur fraa ein liten Haug.“

„Du er ein sann Fjøllmann, for du elskar Slettelandet,“ sagde eg. „Snjoen braanar og Bekken renner ned mot Sletti etter den bratte Fjøllvegg. Her er mange Slags Gras i denne fagre Dalen.“

„Ja, ein Blomekjennare (Botaniker) sagde, at her finnst Blomar, som berre er i Brasilien og her.“